Lokal | 18. okt. 2017

Vekte sovande paragraf

No kan mindretalet i formannskapet anke vedtak til kommunestyret.

Vekte sovande paragraf
Nils-Anders Nøttseter (MDG) fann, med litt hjelp, det ordføraren ikkje fann (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. okt. 2017 06:37

Det var Helge Steinum (AP) som brakte spørsmålet på banen.

– Har eit mindretal ankerett på beslutningar i PBU på same måte som i formannskapet. Det er eindel saker som ikkje går til kommunestyret, men kan ein anke det dit?

Ordførar Marie Bruarøy (H) var ikkje sikker, men etter å ha lese seg opp på kommunelova konkluderte ho med at det hadde ein ikkje .

– Anke er ikkje klagerett, men ei utsetting og overføring av ei sak til høgre organ. Etter kommunelova er det ikkje høve til å anke ei sak, men kommunen kan fatta vedtak om det dersom eit mindretal krev det. Eg skal undersøke litt vidare og koma tilbake om dette ikkje stemmer, svara Bruarøy.

Oposisjonspolitikarane høyrde kva ho sa, men slo seg ikkje heilt til ro med svaret.

Hadde bruk for det

Politikarane diskutert seinare i møtet sak 95/17 «Prinsippvedtak områderegulering der kommunen lar privat utarbeide forslag til områderegulering , jf. pbl. §12-2» kor oposisjonen og posisjonen var særs ueininge.

– Er det med anke endeleg avklart. Dette er ein sak som det kunne vore avgjerande i, kommenterte Steinum.

Tok ein telefon

Sidan oposisjonen ikkje slo seg heilt til ro med svaret frå ordføraren tok Nils-Anders Nøttseter (MDG) i ei pause ein telefon for å rådføre seg.

– Eg har funne noko ordføraren ikkje fann. På side 17 i reglement for politiske utval står det at tre eller fleire medlemmar kan krevje å få prøva saka for overordna organ.

– Då vil eg gjera det for sak 95/17, sa Nøttseter.

– Om saka blir fremja for kommunestyret, så startar vi på scrach igjen, kommenterte ordføraren.

– Ja, men eg ønskjer prinsippvedtaket i kommunestyret, svara Nøttseter som fekk støtte frå Arbeiderpartiet og Venstre.

Dette står i reglementet: «Tre eller fleire medlemer - frå formannskapet - kan krevja at eit vedtak som i utgangspunktet er delegert og endeleg, skal kunna overprøvast av overordna organ (kommunestyret) både med omsyn til den skjønsmessige avgjerd og om vedtaket er i samsvar med lov, føresegner og dette reglementet. Krav må setjast fram i same møte. Organet kan, dersom særleg sterke grunnar og tidsomsyn krev det, med vanleg fleirtal vedta at krav om overprøving etter dette punkt, ikkje skal ha oppsetjande verknad.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.