Kultur | 12. juni 2017

Vel blåst på Vossablås!

29 musikantar frå Nore Neset skulekorps deltok på korpsfestival på Voss.

Vel blåst på Vossablås!
Nore Neset skulekorps spelte konsert i Voss sentrum under Vossablås. (Foto: NNSK)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. juni 2017 07:33

Bildeserie:

1 av 6

Frå fredag til søndag har skulekorpset spelt saman med andre korps i felles opptog og heldt eigen konsert i Voss sentrum.

Nore Neset skulekorps skildrar Vossablås som ein korpsfestival med hovudfokus på speleglede, fellesskap og mangfald.

Sjølv om musikken er det viktigaste på Vossablås, er det òg plass til diskotek, aktivitetar, grilling og, ikkje minst, bading.

Nore Neset skulekorps krona helga med å få utdelt badeskumprisen for bading i Vangsvatnet, då dei bada mest og lengst av alle korpsa i det kalde vatnet.

– Det beste med å vera med på Vossablås, er det sosiale, seier ein av musikantane, Hedda Krukhaug (10).

– Vi har ikkje 1. lag og 2. lag i korpset, så alle spelar i lag. Det liker eg best med å spela i korps, seier ho.

Med mål om full besetning

Leiar Ingunn Fykse er svært nøgd med helga, og er imponert over kor inkluderande og greie musikantane er med kvarandre.

– Korpset er ei blanding av musikantar som har spelt ei stund, heilt nye medlemmar av hovedkorpset, og aspirantar, i ulik alder, men dette er ikkje ei utfordring – heller tvert imot. Det er så mykje positiv energi i denne gjengen, at eg ser verkeleg fram til tida som kjem, seier Fykse.

Nore Neset skulekorps byggjer korps, og har som mål å ha full besetning om 5 år.

– Er det ungar eller ungdommar i bygda som har lyst å spela i korps, er det berre å ta kontakt. Vi har plass til mange fleire, inviterer dirigent Tonje Hernes.

Ho er ein svært populær dirigent i korpset, og heilt klart medverkande til at så mange trivst så godt i Nore Neset skulekorps.

– Tonje er høgt utdanna innan musikk, i tillegg er ho ein dyktig formidlar, og har ei eiga evne til å møta menneske, seier ein begeistra Ingunn Fykse, som inviterer alle som lurer på å byrja i korps, til å koma innom på ei øving ein onsdag over sommarferien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.