Sport | 21. apr. 2018

Velfortent feiring av Sverre

Sverre Lunde Pedersen feira gullsesongen og fekk 75.000 kroner i heider frå kommunen.

Velfortent feiring av Sverre
Sverre Lunde Pedersen blei heidra og feira med middag og gåve frå Os kommune i Griegsamlingen på Oseana fredag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 21. apr. 2018 07:06

Fredag kveld hadde Os kommune invitert Sverre Lunde Pedersen saman med familie og vener til feiring i Griegsamlinga i Oseana.

– Vi har gjort det til ein tradisjon å feire dei frå Os som tek OL-medalje med middag og ei feiring. Sist var på Solstrand saman med Kjersti Tysse Plätzer. I dag er eg glad for at vi fann ei tid som passa for deg, i det eg skjøner er travle tider, men i kveld skal du få slappa av i triveleg selskap, ønskja ordførar Marie Bruarøy velkomen.

"Tok" Vipps-regninga

Mellom forretten og hovudretten tok ordføraren igjen ordet, for å koma med ei lita overrasking til skøytestjerna.

– Det er viktig å markere så store begivenheiter som vi var vitne til i vinter. Det var imponerande å sjå deg ta gull, og enno er du så ung. Likevel så er du eit stort forbilde for andre unge, andre yngre osingar ser opp til deg og ser at det er mogleg å oppnå det ein ønskjer.

– Du viste i verdscupavslutninga at skøyter også er lagsport då du hjalp Håvard Holmefjord Lorentzen til å vinna verdscupen totalt. Eg har skrive ut ei sak frå BA kor du fleipar med at du skulle sende ei vipps-rekning til Håvard på 75.000 kroner for innsatsen.

– Så vidt eg veit har ikkje Håvard innfridd den, så då tenkte vi at vi har lyst til å hjelpa deg på vegen vidare, sa Bruarøy før ho overrekte ein sjekk på nettopp 75.000 kroner til Sverre Lunde Pedersen.

Osing for alltid

Lunde Pedersen takka for gåva og for støtta frå osingane gjennom sesongen.

– Tusen takk, dette set eg stor pris på. Eg er glad for at eg fortsatt blir rekna som osing, sjølv om eg no har flytta til Bergen, smilte Sverre.

– Eingong osing, alltid osing, kom det kjapt i retur.

Sjå heile overrekkinga i Midtsiden si direktesending på Facebook nedanfor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.