Sport | 01. mars 2017

Velfortent heider til Geir Lepsøe

Søre Neset Volleyball sin «Grand old man» Geir Lepsøe blei tysdag tildelt volleyballforbundets heidersmerke i sølv framfor 1100 tilskodarar i Haukelandshallen.

Velfortent heider til Geir Lepsøe
Bente Siljander og Vibeke Molvik Eriksen delte ut heidersmedaljen i sølv til Geir Lepsøe framfor 1100 tilskodarar i Haukelandshallen tysdag kveld (privat foto)
Andris Hamreonsdag 01. mars 2017 08:08

Tysdag tok Viking imot russiske Fakel Novy framfor 1100 tilskodarar i ein historisk e-cupkamp i Haukelandshallen. I samband med kampen heidra Noregs Volleyballforbund Geir Lepsøe med å tildela han heidersmedaljen i sølv.

– Det var så utruleg fortent at Geir fekk denne heideren, seier Morten Erikssen i Søre Neset Volleyball.

Blei tatt på senga

Det var i ei av pausene i kampen at Bente Siljander frå Noregs Volleyballforbund sentralt og Vibeke Molvik Eriksen, regionsleiar i Hordaland Volleyballregion, tok ordet ute på banen.

– Eg satt no der å snakka med naboen, då guttungen dulta borti meg og meinte eg burde følje med. Eg skjønte jo at det var nokon som skulle trekkast fram, men eg skjønte ikkje det var meg, før guttungen dulta borti meg ein gong til. Då ante eg ugler i mosen.

– Luringane hadde klart å halde det hemmeleg for meg. Heldigvis hadde eg tatt på meg ei Søre Neset-jakke på kampen, ler Lepsøe.

– Korleis opplevde du å bli tildelt medaljen?

– Det er klart det var kjekt.

Heldt det gåande

Lepsøe er med rette volleyballen sin far i Osbygda og på Søre Neset.

– Han har betydd alt og var den som heldt det gåande då volleyballen låg ned med knekt rygg. Hadde det ikkje vore for Geir, så trur eg ikkje vi hadde hatt det miljøet vi har i dag. Han er alfahannen, som har gitt moglegheiten til enormt mange.

Trenar, leiar og eldsjel

Gjennom 30 år har Lepsøe vore trenar, leiar og eldsjel i volleyballen. Først 5 år som trenar, så 25 år som leiar i volleyballgruppa på Søre Neset.

– Det er mange eldsjelar rundt forbi og Geir er definitivt ein av dei. I 30 år har han vore der, og er der framleis. Han er den vi kan gå til når vi lurar på noko, har ein idé eller treng hjelp. Det er imponerande korleis han har helde ut.

– I samband med utdelinga blei det sagt at han stikk seg aldri fram. Og det er rett, men betydninga av å ha han der er enorm. Han er ein alle i heile volleyballmiljøet i Noreg kjenner og som vi er glad i, avsluttar Erikssen som er glad for at Morten Asphaug og Ingrid Tombre tok initiativet og forslo Lepsøe som ein kandidat ovenfor volleyballforbundet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.