Kultur | 11. feb. 2016

Velkjent opplegg - ny opplesar

Det er klart for ein ny runde med dei populære lesestundene på Oseana, ein laurdagskafé på borna sine premiss.

Velkjent opplegg - ny opplesar
Lesestund i november (Foto: Andris Hamre). Innfelt: Den nye opplesaren Vibeke Koehler.
Kari M. Lyssandtorsdag 11. feb. 2016 13:42

Våren 2015 starta Oseana opp med Lesestund med graut, eit konsept lånt frå Litteraturhuset i Bergen. Tilbodet har vore svært populært, med opp mot 100 besøkande born og vaksne.

- Tanken er at dette skal vere eit lågterskel drop-in-tilbod for barnefamiliar på tidleg laurdag ettermiddag, der ein enkelt kan bestemme seg for å stikke innom, forklarar Janne Mari Hjelle.

- Dette er ein kafé både for vaksne og born. Borna kan aktivisere seg i form av teiknekrok, putehjørne eller å lytte til høgtlesing. Dei kan også bevege seg rundt i eit ganske stort område utan at foreldre treng å vere redde for at andre kundar sine kaffikoppar skal veltast. Lydnivået treng heller ikkje vere like lågt som på ein vanleg kafe.

Ny formidlar til høgtlesinga

Inkludert i inngangsbilletten ligg servering av risengrynsgraut og saft.

- Grauten fell i smak både hos vaksne og born! Dette er jo ein fin og lett middag mens ein ventar på laurdagstacoen, smiler Hjelle.

Denne våren har Oseana knytta til seg ein ny formidlar til høgtlesinga.

- Vibeke Koehler blir opplesar for oss denne våren. Vibeke har lang erfaring innan formidling til born og unge, mellom anna er ho blant dei faste opplesarane på lesestundene til Litteraturhuset i Bergen. I tillegg har ho vore historieforteljar under Folkets Festspillscene på DNS i 2015, ho driv historieformidling om vikingkrigar, og skriv og overset barne- og ungdomslitteratur. Vi gler oss veldig til å få Vibeke med på laget, avsluttar Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.