Lokal | 18. aug. 2014

Velkommen til første skuledag

Lesarinnlegg: Ordførar Terje Søviknes med helsing til elevar, føresette og tilsette ved skulane i Os.

Velkommen til første skuledag
Terje Søviknes (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 18. aug. 2014 05:38

I dag har heile 333 6-åringar i Os sin første skuledag. Spenning og forventningar pregar både elevar, foreldre og lærarar. Kvar og ein av dei 333 tar fatt på ein ny epoke i livet. Våre tilsette, med rektorane og lærarane i spissen, har allereie budd seg i fleire veker på å ta i mot dei håpefulle. Dei vil gjera det dei kan for at skuledagen skal bli så innhaldsrik og god som mulig.

Det er i barnehagen og grunnskulen ein legg grunnlaget for vidare utdanning og jobbkarriere. Gode læringsmiljø og læringsresultat krev imidlertid innsats på mange arenaer. I tillegg til læraren sin innsats i klasserommet krev det oppfølging frå foreldre og besteforeldre, godt samarbeid foreldre-skule og engasjement frå heile lokalsamfunnet. Kultur- og aktivitetstilbud i regi av frivillige lag og organisasjonar er òg avgjerande for eit godt oppvekstmiljø. Saman har vi alle eit ansvar for å gje våre barn eit best mogeleg utgangspunkt for framtida.

Frå Os kommune si side har det vore ei historisk satsing på utbygging av skulane i Os dei siste åra. I alt vert det over nokre få år investert ca 350 mill kroner i opprusting, utviding og nybygg. Flaggskipet er nye Nore Neset ungdomsskule til 155 mill kroner.

For første gong sidan 60-talet opnar vi ein heilt ny ungdomsskule i Os. Måndag og tysdag skal dette markerast med opningsfest for elevar, foreldre, tilsette og alle andre som har bidratt i prosjektet. På Nore Neset har vi med dette fått ein av Hordalands, ja kanskje landets, flottaste og mest moderne ungdomsskular. Vi gledar oss med dei som no skal ta skulen i bruk, og vonar at gode fasilitetar sporar til ekstra innsats både frå elevar og lærarar.

Os ungdomsskule er også ferdig opprusta for ca 75 mill kr, slik at alle våre ungdomsskuleelevar får eit likeverdig tilbod uansett kor dei går. Måndag er det også klart for innflytting i den nye klasseromsfløyen på Kuventræ skule. I rekordtempo er skulen utvida slik at alle 1-klassingar i sentrum kan få gå på ein av nærskulane. Eg vil nytte høve til å takke alle som har bidratt til utbygginga av både Nore Neset ungdomsskule, Os ungdomsskule og Kuventræ skule. Prosjektavdelinga m/Tor Inge Døsen i spissen, adhocutval, rektorar og lærarar, grunneigarar og sjølvsagt alle entreprenørane som har stått for arbeidet. Fantastisk innsats!

Oppgradering og nybygg på Lysekloster skule til 50 mill kr er det siste store skuleprosjektet i denne omgang. Arbeida er no i gang, og ein står nok framfor eit krevjande skuleår i Lysefjorden med brakker og midlertidige løysingar. Men eg vonar alle gjer det beste ut av situasjonen, og ser fram til at dei kan innvia Nye Lysekloster skule neste haust.

Nye skulebygg er viktig, men hugs; - framtida skapast, den vedtas ikkje.

Den gode skulen i Os er avhengig av innsatsen frå elevar, lærarar, foreldre og andre kvar einaste dag. Saman har vi no alle føresetnader for å løfta kvaliteten i Os-skulen. Med dette ynskjer eg alle tilsette i skulane våre, foreldre og våre 2635 elevar eit godt nytt skuleår!

Terje Søviknes (Frp)
Ordførar, Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.