midtsiden

Vellukka tross lav deltaking

Berre 19 av 48 stilte på Titleist Region Tour på Bjørnefjorden i helga. Sjølv dårleg vêr kunne ikkje hindra ei vellukka turnering.

Av: Andris Hamre Tirsdag, juli 26, 2011 - 10:24

Bjørnefjorden Golfklubb inviterte i helga til Titleist Region Tour for dei nest beste golfspelerane i Hordaland og Rogaland (tidlegare kalt B-tour).

Med dårleg vêrutsiktar og den tragiske hendinga i Oslo og på Utøya som bakteppe stilte berre 19 av 48 moglege spelarar til start i turneringa.

- Vi var i tvil om vi skulle gjennomføra med tanke på hendingane austpå, men valde å følgje golfforbundet sine retningslinjar og spelte med sørgjeband, fortel turneringsleiar Geir Dalen.

Einaste frå Bjørnefjorden

Natalie Engeseth var den einaste av spelerane frå Bjørnefjorden som freista å utnytte heimebanefordelen.

- Dei andre kvalifiserte spelerane prioriterte å spele Noregscup på Borre GK, fortel Dalen.

Nathalie spelte seg inn til ein fin 4. plass berre tre slag bak 3. plassen etter dei to rundene på Bjørnefjorden.

Vinnar i jenteklassa blei Renate Hjelle Grimstad frå Bergen, medan Anders Lindanger frå Stavanger GK vann guteklassa.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11