Vårmønstring i Vognhallen 2018

Vellykka vårmønstring i Vognhallen

Bildeserie og dronevideo: Over 170 motorsyklistar stilte til mønstring i Os. Så var det cruising.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Vêret var perfekt og responsen enorm då nyetablerte Bjørnafjorden Motorsykkelklubb samla lokale motorsyklistar til vårmønstring i Vognhallen laurdag.

– Det har auka på med folk som har sagt at dei skal koma, eg har ikkje vore så spent sidan eg var unge på julaftan, sa ein av initiativtakarane, Øystein Grytøyr eit kvarter før annonsert start.

• Les òg: Vil laga ein møteplass

På førehand såg det ut som om det skulle koma litt over 60, ut frå respons på Facebook.

– Allereie ein halvtime før start var 30 motorsyklar på plass inst i Vognhallen i Os sentrum. I god tid før klokka 14 var hallen full, mens mc etter mc brumma inn frå rundkøyringa.

På det meste blei det talt 160 motorsyklar parkert på same tid, men enkelte var innom og køyrde igjen, i alt var det over 170 innom mønstringa.

Lang lenke gjennom Os

Etter at folk hadde studert syklane til kvarandre og slått av ein prat var det tid for cruising.

Turen gjekk gjennom sentrum, via Nore Neset til stopp på Er-An Veikro på Røykenes.

– Politiet sikrar eit par kryss mens vi sjølv ordnar med å sperra andre.

– Dette var utruleg kjekt og litt lærerikt. Vi må få på plass ei ordning med sal av kaffi og vaflar til neste mønstring.