Lokal | 06. feb. 2013

Venstre reagerer på Høgre

E39 Aksdal-Bergen: Os Venstre meiner Os Høgre har svikta eigne veljarar og andre osingar. Høgre meiner dei har vore tydelege i si sak, og varaordføraren er glad for gårsdagens vedtak.

Venstre reagerer på Høgre
Marie Lunde Bruarøy (H) og Jon Sivert Rykkel (V) i kommunestyremøtet i går. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. feb. 2013 08:37

Tysdag kveld vedtok kommunestyret i Os ei uttale med fleire krav til korleis ein framtidig ferjefri kyststamveg skal gå gjennom Os, anten midtre- eller indre trasé blir valt.

Les òg: Her er vedtaket

KrF samla store delar av opposisjonen og fekk med seg Høgre-mann Olav Kvinge om å gå for indre trasé. Men to frå Ap og resten av Høgre (5 representantar), gjekk for fellesframlegget frå posisjonen.

Opposisjonen hadde håpa på å få fleirtal for å kjempa mot bru og seia eit klart nei til midtre alternativ, medan det vedtatte fellesframlegget kjem med uttale om korleis dei vil ha brua og vegen, om midtre blir valt.

20 mot 15

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak fekk 0 stemmer, KrF sitt framlegg, som gjekk for indre trasé, fekk 15 stemmer, Frp/H sitt framlegg fekk 20 stemmer. I tillegg kom to tilleggspunkt frå Olav Søfteland (Ap), som begge fekk fleirtal.

Frp/H sitt framlegg fekk 13 av 13 Frp-stemmer, 5 av 6 Høgre-stemmer (Olav Kvinge gjekk for KrF/opposisjonen sitt forslag) og 2 av 7 Ap-stemmer (Olav Søfteland og Paal Moberg).

KrF sitt forslag om å gå for indre trase fekk desse 15 stemmene; KrF 2, Venstre 2, Sp 2, TvS 4, Ap 5 og Høgre 1.

– Høgre spring frå løfta sine

Det var Jon Sivert Rykkel som talte Venstre si sak i kommunestyremøtet i går, men den første vi får reaksjonar frå er nyvalt leiar og sterk bru-motstandar, Glenn Erik Haugland.

– Høgre gjekk klart og tydeleg på val på indre trasé, her er ingen tvil. Marie Bruarøy kan ikkje snakka seg ut av dette, meiner Haugland.

Men både i møtet i går og på telefon med Midtsiden tysdag kveld seier varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) at vilkåra for lengst er endra.

– Ved førre val var det ingen som såg på bru over Bjørnefjorden som aktuelt, men det har jo som kjent endra seg.

– Seinast før helga, i intervju med både Midtsiden og Os & Fusaposten, seier jo Høgre at dei vil gå for indre trasé. No springer dei frå løfta sine, og det er ikkje eit vakkert syn, seier Venstre-mannen.

Fekk ny kunnskap

– Eg sa at det såg ut som om Høgre kom til å gå for indre trasé. Men vi har jobba knallhardt gjennom helga, både med å samla kunnskap om kva som er strategisk av Os kommune å gjera og med å koma med gode formuleringar, svarer Bruarøy.

– Snuoperasjonen er full av dårlege unnskyldningar og vikarierande motiv. Marie seier ho vil lenkja seg til Gulholmen om brua skal landa der, samtidig vil ho ikkje gå imot bru. Det heng ikkje på greip, eg trur vi no ser starten på slutten av Frp-Høgre-fleirtalet i Os.

Bruarøy seier samarbeidet med Frp har resultert i det ho meiner er eit veldig fornuftig vedtak fatta i går.

– Frp ville gå for midtre, i staden er dei no med og kjem med uttale på begge. Vi ville i utgangspunktet gå for indre, men har fått melding frå sentralt hald at det kan skada vår eiga sak.

Det er Bruarøy sjølv som har forfatta store delar av framlegget som blei vedtatt i går. Etter samtalar med partikollegaer sentralt.

– Årsaka er at, om vi ville gått for indre og vist tydeleg motstand mot bru, så ville vi ikkje blitt sett på som ein truverdig samarbeidspartnar i utforming av midtre trasé, om den blir valt. Og valet av trasé er det ikkje vi lokalt som skal gjera.

– Med gårsdagens vedtak får vi ros sentralt, vi kjem tidleg og tydeleg med uttale til dei to alternativa som sentrale styresmakter skal velja mellom, noko som kan gje dei endå betre grunnlag for både å rekna vidare og på å fatta rett vedtak, seier Marie Lunde Bruarøy (H).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.