Lokal | 12. feb. 2016

– Ver aktiv, men ikkje stress

Har du søkt om barnehageplass i Os? Fristen for å oppdatera og stadfesta søknaden er 15. februar.

– Ver aktiv, men ikkje stress
Katharina Søreide, Grethe Nymark Mikkelsen, Bente Garvik og Irene Ullensvang har klare råd til osingar i barnehagekø. (Foto: Cathrin Valestrand) 
Cathrin Valestrandfredag 12. feb. 2016 08:50

Irene Ullensvang og Bente Garvik, barnehagefagleg rådgjavar og konsulent Os kommune, barnehagestyrar i Espira Ulvenvatnet Katharina Søreide og barnehagestyrer i Hegglandsdalen, Grethe Nymark Mikkelsen har klare råd til foreldre i barnehagekø.

Opptaket nærmar seg, og Ullensvang understrekar at det er viktig at foreldre sjekkar søknadane sine innan fristen.

– Vi har ein framdriftsplan vi skal forhalda oss til. Skal vi greia fristane våre, er vi avhenge av at foreldra held sine. Alle som står på søknadslistene våre skal ha fått epost eller brev med beskjed om å oppdatera søknaden sin. Dersom du har søkt om plass, og ikkje har fått post frå oss, kan det henda søknaden din er registrert med feil kontaktinformasjon. Det kan ein sjekka sjølv, og er ein usikker må ein ta kontakt, seier ho.

Vanleg framgangsmåte

Å vera aktiv i søknadsprosessen er meir og meir vanleg på alle område, og det same gjeld barnehagesøknadane.

– Det er heilt vanleg at kommunane gjer dette. Årsaka er at vi vil ha eit meir reelt og realistisk opptak. Stadfesting av søknaden må til for å bli på ventelista. Mange tenkjer ikkje over om dei har aktive søknader i kommunen om dei flyttar til dømes.Folk «eig» søknadane sine sjølve, ikkje vi. Derfor må folk vera aktive i søknadsprosessen, forklarar dei.

– Vi brukar ein del tid på å gå igjennom søknader, og rettleia med omsyn til søknader. Det er veldig god informasjon på dei nye heimesidene til Os kommune. Der er veldig godt og utførleg beskrive korleis ein skal oppdatera og stadfesta. Oppmodinga til alle dei som er usikre, er å sjekka først og så heller ringja.

Ryddeprosess

Ventelisteoppdateringa rettar seg mot hovudopptaket 2016, og tildeling av plassar frå og med august i år. Dei fire er opptekne av at no i desse dagar vert det ikkje tildelt barnehageplassar for hausten, og at no er dei i ein ryddeprosess.

– Framdriftsplan for hovudopptak i år gjev rammer som Os kommune og barnehagane held seg til, og samhandlar utifrå. Tilbod om barnehageplass vert sendt ut direkte frå barnehagane.

– Dersom alle syter for å ha oppdaterte søknadar, og gjerne er kjappe å svara etterkvart som tilboda kjem, så kan opptaket vera ein rask prosess.

– Noko anna som er viktig at foreldra er klar over, er at det ikkje er automatikk i at ein eksiserande barnehageplass blir sagt opp når ein får tilbod om ein ny. Dette kan dei godt tenkja på dei som ynskjer å bytta barnehage. Det er foreldra sitt ansvar å syta for oppseiing av plassar og takka ja til plassar.

– Det er eit veldig godt samarbeid mellom barnehagane, men dette er foreldra sitt ansvar. Ikkje sitt og hold på to plassar. Ta eit val, og ver tydeleg i kommunikasjon med barnehagane kva barnehageplass du skal ha, slik at andre kan få din barnehageplassen som du ikkje treng.

– Ikkje stress!

Dei fire prøver å få folk til å ta det litt med ro gjennom opptaksprosessen.

– Alle vil ikkje få plass i første runde. Men ein må ikkje stressa - det betyr absolutt ikkje at ein ikkje får plass. Ventelistetalet endrar seg heile tida, og ein treng ikkje byrja å uroa seg før ein kjem til tredje opptaksrunde i alle fall.

– Dei siste åra har det ikkje vore noko problem å få plass til alle dei som har rett til plass. Faktisk har alle med rett til plass fått det sidan denne vart innført i 2009. Slik sett er Os kommune heldig stilt. Men barnehageopptaket er regulert av barnehageloven og barnehagane sine vedtekter. Heile prosessen er gjennomsiktleg, rettferdig og ryddig.

– Sjølv prøvar vi å roa ned så godt vi kan, og til alle hyperstressa foreldre der ute: Ta det heilt med ro. Vi er her! Vi passar på dykk!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.