Lokal | 23. apr. 2017

«Verdas mest klarsynte» vil halda jordnært kurs

Elisabeth Gimsøy kjem til Os med todagarsseminar om livsenergi.

«Verdas mest klarsynte» vil halda jordnært kurs
Elisabeth Gimsøy. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. apr. 2017 19:38

Elisabeth Gimsøy (38) frå Harstad har vunne Jakten på den 6. sans og den prestisjetunge Psycic Challange International. I tillegg har ho medverka i det populære programmet Åndenes makt.

Laurdag og søndag 20. og 21. mai kjem ho til Os for å halda seminar over to dagar – med berre ti deltakarar. Seminaret blir i eit privat lokale, påmelding er via heimesida til Gimsøy.

– Dette blir starten på ein liten turné i heimlandet. I juni skal eg til Skien og Drammen, i august og september skal eg halda seminar i Trondheim, Tromsø og Alta, fortel Gimsøy, som no bur i Danmark med mann og born.

– Fokuset blir livsenergi, korleis vi kan møta og handtera utfordringar sett i forhold til kvar enkelt sitt litt. Vi har alle ei magekjensle eller intuisjon og energiar som er viktige for oss, men som ikkje nødvendigvis kjem til overflata hos alle menneske. Dette er noko eg sjølvsagt vil fokusera nærmare på under seminara, understreker Elisabeth.

– Det skal vera nært, ærleg og ekte. Vi skal jobba saman, og kvar for oss, og det er òg sett av tid til individuell konsultasjon med kvar enkelt. Det er særleg viktig for meg å sjå og møta den enkelte deltakar. Av den grunn kan eg ikkje ha meir enn ti deltakarar per kurs. Eg annonserar ikkje stort. Dei som skal koma til meg, dei kjem. I Os er det framleis nokre få plassar igjen.

Intuisjon - til bry og hjelp

Elisabeth seier at ho allereie som born merka at ho var litt annleis, men at ho den gong ikkje såg på det som ei gåve.

– Eg var nok ei litt spesiell jente. Eg var mykje for meg sjølv, og hadde få venar. For mange blei eg nok litt for direkte. Eg følte mykje, og sa det rett ut om eg hadde inntrykk av at nokon ikkje hadde det godt. Men, forståeleg nok, var det ikkje alle som forsto bodskapen eller tok det opp i beste meining, så mange gongar skapte eg heller problemar for meg sjølv.

I ein tidlegare periode i livet, fekk ho kjensla av å møta veggen. Herfrå måtte ho ta eit oppgjer med seg sjølv og kva ho sto for. Etter det tok vegen ein annan retning.

– Eg byrja å tru litt meir på meg sjølv, og eg bestemte meg testa ut denne sterke intuisjonen min på frivillige prøvekaninar. Kanskje hadde eg noko som kunne brukast til å hjelpa andre?

– Framleis er det stundom sånn at eg tviler. Men tvilen er også nødvendig- først og fremst for å vera fokusert, men også for å vera audmjuk og ikkje ta det eg kjenner for gitt. Ingen ting er sjølvsagt her i livet, «kjem eg alltid til å ha denne gåva eller kan eg mista den?» er også spørsmål eg stiller meg sjølv om.

Kan få vondt i heile seg

Sjølv kallar ho seg audmjuk og jordnær, og seier ho av og til føler ubehag når nokon kallar seg klarsynt.

– Eg trur at det er meir her i verda, himmel og jord, og mellom menneske, enn kva vi kan forklara med fysiske lover.

– Men eg har òg inntrykk av at det er litt trendy å kalla seg klarsynt.

Ho har sjølv opplevd at folk går rett frå eit enkelt kurs, til å oppretta si eiga virksomheit med healing og klarsynte tjenester dei kan tena pengar på.

– Det gjer meg både vondt og skremt – og kjenner det gjev meg ubehag langt inn i både ryggmargen og magen, seier Elisabeth.

Ny giv

Blant dei sterkaste kjenslene Gimsøy har hatt var då ho, i ein av konkurransane, blei plassert på ein eldgamal åstad.

– Eg fekk gåsehud, det var som om eg såg ein film. Mange døde born og ei bestemor, som var involvert. Det er sjeldan du får heile bildet, men du får nokre brikker.

Det viste seg at det var åstaden der ei mor hadde drept alle ungane sine. Det viste seg at bestemora hadde vore involvert.

Etter å ha deltatt i, og vunne, fleire TV-sendte konkurransar, blei det i 2013 for mykje for Gimsøy.

– Eg blei bedd om å stilla opp på alle moglege arrangementer, og folk kom til meg med alt frå idear til å skriva bok til problem dei ville ha hjelp med. Eg blei sliten og lei, og la frå meg alt om det å føla på hendingar om andre - både fortid og framtid.

– Eg ville ha eit normalt liv.

Elisabeth har mann og born og bur i Danmark. Etter å ha reist til Noreg for å hjelpa til med eit kurs, fann ho ut at ho ville tilbake. I vinter har ho jobba mykje med å oppretta ny heimeside. Mykje av det ho driv med og kan tilby er å finna der. Eit av tilboda er seminaret som ho no kjem til Os med no i mai.

Treng ikkje tru

Seminaret handlar først og fremst om det å ha det godt med seg sjølv.

– I dag er vi veldig opptatta av å rekka mest mogleg, å få det godt materielt sett. Eg føler vi ofte lever i ein kald kvardag.

– Vi kan bli flinkare til å sjå kvarandre, og å bli sett. Om vi gløymer det viktigaste i livet, om vi heile tida samanliknar oss med andre, fokuserer på det materielle eller gløymer å vera tilstades for oss sjølve, kan kvardagen bli tyngre og meir vond enn nødvendig.

– Du treng verken tru eller overtru for å delta. Eg ønsker ikkje å vera noko anna enn eit medmenneske - samtidig vil eg dela av alt eg kjenner og kan, slik at kvar og ein kan føla dei har med seg noko verdifullt frå seminaret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.