Kultur | 09. okt. 2017

Verdspremiere i Hvelvet

«Aleph Null & The Missing Mass» får premiere når Tor-Finn Malum Fitje stiller ut i Hvelvet.

Verdspremiere i Hvelvet
«Aleph Null & The Missing Mass» får si premiere i Hvelvet på Oseana kunst- og kultursenter (pressefoto)
Andris Hamremandag 09. okt. 2017 07:49

Laurdag opnar Tor-Finn Malum Fitje kunstutstilling i Hvelvet på Oseana. Samtidskunstnaren kjem med fire verk, kor av eitt av dei får verdspremiere på Oseana.

– Tre av arbeida har vore vist tidlegare, men filmen «Aleph Null & The Missing Mass», som også har lånt tittelen til utstillinga, får si premiere på Oseana. Utgangspunktet for denne filmen er begrepet mørk materie, og både vitenskap, kunsthistorie, black metal og konspirasjonsteoriar blir her ein del av ein suggerande filmatisk forteljing, seier Evelyn Holm, kurator på Oseana kunst- og kultursenter i ei pressemelding.

Stor spennvidde

Samtidskunsten si tematiske spennvidde er stor, og fleire har reflektert over den situasjonen ein omtrent berre kan oppleve i dagens kunstfelt, der fagområder ein ellers ikkje reknar som beslekta, kan finna eit møtepunkt.

– På kunstkonferansar og seminarar kan ein paneldebatt like gjerne settast opp av økonomar og partikkelfysikarar, som av kunstnarar og kunstteoretikarar. Malum Fitje tek på mange måtar denne situasjonen inn i sine arbeider. Med visuelle, soniske og poetiske verkemiddel verver han assiosiative nettverk som dannar forførande, nærmest hypnotiske og særdeles underhaldande fortellingar.

Fire arbeider

I utstillinga på Oseana stiller kunstnaren med fire arbeider. Eitt lydverk og tre filmar, som er laga over like mange år.

– Dei delar ein overordna problemstilling om korleis beskrive eller representere noko i form av noko anna. På eitt nivå handlar det altså om representasjonens problem, som hos Malum Fitje etterkvart resulterer i eit slags utvida metaforbegre, forklarar Holm.

Tor-Finn Malum Fitje har si kunstutdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen, Konstfack, Stockholm og Kungliga Konsthögskolan i Stockholm, kor han tok sin master i 2016. Før han starta på kunstutdanniga studerte han film- og tv-produksjon ved Universitetet i Bergen. Han har også fleire års bakgrunn i filmrelatert arbeid i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.