Lokal | 18. aug. 2017

– Vern om verdiane i hamna

Natt til torsdag blei utstyr stole frå ein båt i Hatvik. – Dette er ei tid med høgare risiko for tjuveri, åtvarar politiet.

– Vern om verdiane i hamna
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. aug. 2017 08:20

Torsdag morgon fekk politiet melding frå ein som sakna noko utstyr frå båten sin, som ligg i marinaen i Hatvik.

– Det var ikkje så dyrt utstyr, ei båtshake, men det er ein påminnar om at vi no går inn i ei tid der tjuveri av båt og frå båt dessverre er meir vanleg, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

I helga blei ein Uttern med innanbordsmotor stolen frå Nordvik og funnen på Korkeide, utsett for mykje skadeverk.

Med mindre trafikk i hamna og mørkare kveldar har dei som har uærlege ærend betre arbeidsforhold.

– Vi oppmodar båteigarar å ta verdisaker heim og å halda eit auge med båten. Vi er òg glade for at båtfolk og naboar til båthamner ofte er merksame, og gjerne følgjer med både på båtane i nabobryggene og kven som ferdast i hamna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.