F.v.: Ordførar Marie E. L. Bruarøy, Veronika Flotve Røssland, Arne Hadler-Olsen og kultursjef Lisbeth Axelsen. (Foto: Andris Hamre)

Veronika og Arne fekk kulturstipend

Os kommune sine kulturstipend for 2017 tildelt Veronika Flotve Røssland og Arne Hadler-Olsen.

Av: Andris Hamre

Under ei tilstelling på Oseana torsdag delte ordførar Marie Bruarøy (H) ut kommunen sitt kulturstipend for 2017.

Stipenda, som er på 20.000 kroner, skal delast ut til unge, lovande kunstutøvarar, idrettsfolk eller aktive kulturarbeidarar på andre felt, som bur eller er frå Os. Øvre aldersgrense er 30 år.

Kulturstipenda for 2017 blei tildelt roar Arne Hadler-Olsen og skodespelar og scenekunstnar Veronica Flotve Røssland.

11 personar søkte på kulturstipendet for 2017.

Siktar mot OL i Tokyo

Arne Hadler-Olsen har i elleve år drive med roing og har representert Noreg i tre verdsmeisterskap, først som junior og seinare to gongar som U23-roar. Han blei i 2014 nordisk meister i dobbelt sculler.

Hadler-Olsen blei i år tatt opp i utviklingsgruppa til Norges Roforbund. Denne gruppa aspirerer til landslaget og har som mål å styrka landslaget fram mot OL i Tokyo 2020, noko som er Hadler-Olsen sitt store mål.

Han har flytta til Ås, kor han har byrja på masterstudie i industriell økonomi, for å vera nærmare landslagsmiljøet og riksanlegget på Årungen.

Komande sesong er målet å ta medalje i U23-VM.

16 år med teater

Veronica Flotve Røssland har sidan ho var seks år jobba med teater. Ho er no 22 år og går på Liverpool Institute for performing arts, kor ho går på det treårige skodespelarprogrammet.

Målet hennar er å kunna vera ein allsidig skodespelar, slik at ho i framtida kan spele både på scene og i filmar.

Frå 2014 til 2016 har ho vore med og hatt regi på gruppene ved Os barne- og ungdomsteater, noko ho gjerne vil halda fram med.

Fjoråret tilbrakte ho på skodespelarlinja ved New York Film Academy i USA, kor ho medverka i fleire kortfilmar.