Næringsliv | 19. jan. 2012

Vestlandslefsa blir flytta

Rieber & Søn: 80 tilsette, 10 av dei på Lierne, mister jobben. Over 20 på Os mister i tillegg jobben, for Rieber flyttar Vestlandslefsa til Lierne.

Vestlandslefsa blir flytta
Rieber & Søn har bestemt seg, 31. mai i år blir siste dag med produksjon av Vestlandslefsa i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. jan. 2012 10:32

I mai i fjor blei det kjent at Rieber & Søn hadde kjøpt Lierne Bakeri i Nord-Trøndelag. Rieber & Søn eig frå før Toro Os, altså lefsefabrikken på Bø som produserer den populære og tradisjonsrike Vestlandslefsa.

– Lefsebakeriet på Bø treng vesentlege oppgraderinger for vidare drift. Samstundes har Lierne ledig kapasitet. Men det treng ikkje bety at vi flyttar produksjonen over natta, sa kommunikasjonsdirektør Geir Mikalsen i Rieber & Søn i mai i fjor.

Så blei det stille, i alle fall på utsida av fabrikken. For i haust fekk dei tilsette beskjed om at flytting var bestemt. Fabrikksjef Jan Arne Vevatne vil ikkje kommentera saka til Midtsiden, men Geir Mikalsen seier til Midtsiden at endeleg avgjerd er tatt.

– Ja, vi flyttar produksjonen av Vestlandslefsa til Lierne. Produksjonen held fram i Os til 31. mai i år, fortel Mikalsen.

Uvisse og frustrasjon

To skift, kvart på 10 produksjonsarbeidarar, driv saman med ein liten administrasjon fabrikken på Os som produserer Vestlandslefsa. Dei drygt 20 tilsette mister jobben 31. mai.

– Mange tar dette veldig tungt. Dei har jobba her lenge og er glade i både jobben sin og Vestlandslefsa, seier Stian Kyte, tillitsvalt ved fabrikken.

Men det er ikkje berre det at dei mister jobben sin som skaper frustrasjon:

• Fleire trur Lierne ikkje vil klara å kopiera Vestlandslefsa, noko som vil føra til utsetjing og jobb utover 31. mai. Fleire håper derfor på utsetjing, og kanskje avlysing av flyttinga, og føler seg usikre på situasjonen.
• Leiinga skal ha lova å koma fortløpande med informasjon. I staden skal det ha vore lite informasjon og feil og misvisande informasjon.

– Vi har fått beskjed om at årsaka til flyttinga er at Lierne har ledig kapasitet, noko som den gong var tull. Vi har også fått beskjed i haust om at første steiking av Vestlandslefsa var gjennomført og vellukka, medan det viser seg at det ikkje var steikt noko og at dei også no slit med å kopiera produktet, seier Kyte.

Fakta om Vestlandslefsa

• Inger Bøe frå Os starta produksjonen i kjellaren sin for over 50 år sidan.
• Sonen Torolf Bøe og kona Rigmor starta fabrikkproduksjon av Vestlandslefsa i 1959.
• På slutten 70-talet byrja produksjon av ferdigsmurte Vestlandslefser.
• Fabrikken blei selt til Rieber & Søn i 1989 og heiter no Toro Os.
• Blir no selt i tre variantar, tørre lefser, smurte lefser (smør, sukker og kanel) og smurte lefser med eplesyltetøy.
• Produserer 70/30 smurte/tørre lefser, 1 lefse i sekundet, i to skift.
• Omsetnaden av smurte lefser auka frå 13 til 15 millionar enkeltlefser frå 2007 til 2008

Kvifor er den vanskeleg å kopiera?

Vestlandslefsa er eit suksessprodukt. Salet har auka dei siste åra og fabrikken klarer ikkje å produsera nok. Satsing mot utlandet har dei måtta venta med.

Det har i fleire år vore behov for å utvida kapasiteten, men utstyret er gamalt og ville etter det Midtsiden har fått høyra ikkje tålt tre skift. Derfor hadde dei tilsette håpa på investeringslyst i Rieber, ikkje i fabrikk til 140 millionar i Nord-Trøndelag, men i ny versjon av eksisterande utstyr i Os.

Årsaka til at fleire tviler på at Lierne vil klara å kopiera Vestlandslefsa er at produksjonslinja er spesiell, i si tid skreddarsydd i samarbeid mellom Torolf Bøe og Fagerthun Mekaniske.

Produktet, smaken, det litt seige bittet, krev sine kjevlemetodar og si steiketid, oppskrifta åleine er ikkje nok. Samstundes veit dei tilsette i Toro Os at Toro sin kvalitetskontroll er streng, derfor er dei spente på kor stort avvik hos Lierne frå originalen på Os dei vil akseptera, om dei i det heile tatt vil få det til.

Å flytta utstyret skal heller ikkje vera aktuelt. Dessutan ville ikkje Toro Os hatt sjanse til å produsera opp lager, noko dei burde hatt i eit produksjonsstopp under ein eventuell flytteprosess.

– Vi er forseinka

Mikalsen hos Riber & Søn stadfestar at dei er forseinka med flytteprosessen.

– Alle prosjekter der ein skal flytta ein produksjon er utfordrande. Vi er noko forseinka i forhold til planane våre, men vi meiner vi skal klara å henta dette inn igjen, seier han.

– Heldigvis har vi mange flinke medarbeidarar som handterer dette på ein god måte.

Med tru på vidare vekst

Hos Rieber fortel dei pgså at Vestlandslefsa sel stabilt godt og er ei sterk merkevare.

– Vestlandslefsa er eit viktig produkt for Rieber & Søn, og vi har tru på at den kan veksa yttarlegare framover.

– Fryktar de ikkje at merkevara kan bli svekka når Vestlandslefsa blir flytta vekk frå Vestlandet?

– Nei. Oppskrifta er akkurat den same som før, basert på gamle historiske tradisjonar, så Vestlandslefsa kjem til å smaka like godt som før.

Blir flytta uansett

Mikalsen seier årsaka til at dei kjøpte fabrikken i Lierne er at dei ville veksa i kakesegmentet, og at Lierne hadde ledig kapasitet.

– Derfor var det naturleg å samordna produksjonen for å vera mest mogleg effektive.

Mikalsen seier også at produksjonen vil bli flytta til Lierne uansett.

– Dersom vi ikkje er klar til overføring av produksjon til den 31. mai, vil produksjonen halda fram på Os til vi er klar til å flytta.

Kyte fortel at det førebels er ingen som har sagt seg opp i Toro Os.

Riber har ikkje ny jobb å tilby dei tilsette på Os.

Kva veg skal det gå?

• Nyleg skreiv Bergens Tidende at Rieber kuttar 80 stillingar.

• Trønder-Avisa fortalte i førre veke om tap av Norgesgruppen som kunde og kutt av 10 årsverk på Lierne.

• Enkelte lurer kanskje også på om det kjem til å gå med Vestlandslefsa som det gjekk med Birger Buer sine 40 år lange lompe-tradisjoner. Buer selte til storkonsernet Cerealia, etterpå gjekk det nedover med lompene. Det heile enda med at nye lokale krefter satsa stort og kjøpte både merkevare og fabrikk tilbake.I 2010 fortalte smaalenene om ny vekst for Birger Buer sine lomper.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.