Fotball | 04. des. 2014

Veteranar styrkar 6. divisjon

Os og Lysekloster mister 6 erfarne spelarar, 5 av dei frå Os sitt 2. div. lag i 2010. Dei fleste, eller alle, blir å sjå i 6. og 7. div. neste år.

Veteranar styrkar 6. divisjon
Frå venstre: Dani Bergstø, John Ole Johannessen og Ramo Racic. Øvst til høgre; Stian Lunde, Preben Borgen og Tore Valvik. (Foto: Simon Aaasen/Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. des. 2014 12:55

Det blir tøff konkurranse i 6. divisjon neste år:

John Ole Johannessen (Os), Dani Alvær Bergstø (Os) og Ramo Racic (Lysekloster) har signert kontrakt med Søfteland.

– Vi skal rykka opp, enkelt og greit, seier John Ole til Søfteland fotball sine heimesider, som kallar signeringane «Grei dag for Søfteland på overgangsmarkedet».

Søfteland var nær opprykk i år, men speler i 6. divisjon også neste sesong.

– Vi har ikkje mista nokre spelarar og er for tida, trass at det er eksamensperiode for mange av oss, 16-17 stykker på trening, seier Søfteland-spelar Simon Aasen til Midtsiden.

Også Preben Borgen (Lysekloster) kan bli aktuell for Søfteland.

– Det passar ikkje å bruka så mykje tid på fotball lenger. Viss eg skal spela neste år så blir det nok Søfteland på meg òg, seier Preben Borgen.

Også Nore Neset blir styrka

Stian Lunde (Os) går til Nore Neset (tidlegare Søre Neset), Tore Valvik (Lysekloster) gjev seg i 3. divisjon, men er usikker på om han speler fotball den komande sesongen.

– Eg lurer på å legga heilt opp og har sagt i fra til Lysekloster at eg uansett ikkje vil satsa i 3. divisjon neste år.

– Om eg skal spela så har eg flest frå min omgangskrins på Søre Neset, som no har blitt Nore Neset, så eg håper i så fall på å få spela der, seier Tore Valvik.

Søre Neset, som var fleire år i toppen av 5. divisjon, har dei siste sesongane spelt i 6. divisjon mot Søfteland og Nore Neset.

I år hadde Søre Neset og Nore Neset to samarbeidslag, der sørenesingane var nær opprykk til 5. divisjon og Nore Neset/Søre Neset 2 mista sitt opprykk frå 7. divisjon då førstelaget ikkje rykte opp (ikkje plass til to frå samarbeidsparaplyen i same divisjon).

Avtroppa Os-kaptein må kjempa om plassen

Ein ny avtale mellom Nore Neset og Søre Neset gjer at alle ungdom- og seniorlag no er registrert i Nore Neset. Søre Neset står, som for eksempel IL Øyglimt, igjen med barnefotballen.

– Eg har forstått det sånn at det skal satsast på ungdomen, at det som tidlegare utgjorde Nore Neset blir førstelaget. Det blir nok ein spesiell kabal for Nore Neset IL å legga, sidan Søre Neset har mange med erfaring og dei siste åra har vore best, men dei får det sikkert til på eit vis, seier Lunde.

– Til førstelaget blir det nok krav til meir treningsoppmøte enn andrelaget. Sjølv har eg trappa ned og har ikkje tid til å trena meir enn to dagar i veka, samtidig synest eg at det å gå frå 3. divisjon til 7. divisjon blir mange steg ned.

– For første gong på 15 år er eg rett og slett ikkje sikker om det er plass til meg på eit A-lag, seier den nyleg avtroppa Os-kapteinen muntert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.