Kultur | 14. mars 2018

Vetrhus Bluesband tilbake til Os

Dei var nærmast husband under Osøren-festivalane. I påsken er dei tilbake der dei sleppte taket, på Peppes.

Vetrhus Bluesband tilbake til Os
Vetrhus Bluesband er kjent for sitt høge energinivå og smittsame humør. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. mars 2018 11:10

I 2013, etter 15 festivalar på rad frå 1999, var det slutt for Osøren Blues & Jazzfestival.

Ein av osingane sine favorittar desse festivalane, Vetrhus Bluesband frå Odda, blei nærmast for husband å rekna. Publikum blei etterkvart skuffa dei åra dei ikkje sto på programmet.

Sist dei spelte på Osøren var under nest siste festival, på utandørsscene for full uterestaurant på Peppes i 2012.

– Forutan ein konsert på Er-An Veikro i 2014, og nokre private oppdrag, har vi ikkje vore i Os på seks år. Det kjennest ut som ein halv mannsalder, no gler vi oss veldig, seier vokalist Helge Tverdal.

Laurdagen i palmehelga, 24. mars, er dei på scenen på Bar(t) på Peppes igjen, denne gong innandørs.

– God respons og mykje tilreisande fans

Arrangør er Bergen Blues Train. Dag Bergesen og Steinar Lyssand har dei siste åra samla fullt hus til både påskeblues og romjulsblues på Peppes, og ventar storinnrykk også denne gong.

– Det var tilfeldig at praten kom innom Vetrhus og konsertane dei har hatt i Os. Eg har sjølv spelt litt med Vetrhus sin trommespelar, Bjørn Moe, mens Tverdal bur i Porsgrunn. Men då han skulle vestover til påske var det berre å slå til, seier Steinar.

Mange av billettane er selte, men ikkje alle. Osingane må denne gong konkurrera mot tilreisande gjestar om plass på påskebluesen.

– Eg har høyrd rykte om at mange Airbnb-hus i Os er booka av tilreisande fans, så det blir nok ein del nye ansikt blant publikum denne laurdagen.

Akustisk oppvarming

Vetrhus Bluesband blei starta i 1991 og består av Helge Tverdal (vokal), Daniel J. Kambestad (munnspel), Kjell Arne Bauge (gitar), Kjetil Huus (bass) og Bjørn Moe (trommer).

Dei er kjente for å spela svingande blues og rock med eit sprudlande og smittsamt humør, ikkje minst energibomba Tverdal og den barbeinte munnspelaren Kambestad.

Påskebluesen startar noko meir varsamt med akustisk oppvarming ved Trond Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.