Sport | 16. des. 2014

– Vi er heilt i skyene

CheeriOs søkte om støtte til utstyr for over 120.000 kroner. I går kom svaret.

– Vi er heilt i skyene
CheeriOs kan gleda seg over støtte til full ny utstyrspakke med matter. Her frå juleshowet i Oshallen tidlegare i vinter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. des. 2014 19:56

Os Turn si store og aktive cheerleading-gruppe, CheeriOs, tel allereie rundt 60 medlemmar, 20 i kvar av dei tre aldersgruppene.

Cheerleaderane trener i gymsalen til Os Gymnas, og treng meir utstyr.

– Vi disponerer to gode matter, men treng 7 matter, kvar på 12-15 meter lengde, for å få eit fullverdig sett, fortel Anita Engevik.

Engevik er trenar for den eldste gruppa og fortel om modige og veldig treningsvillige medlemmar.

– Fleire av dei kunne knapt slå hjul då dei byrja hos oss. I løpet av sommaren og hausten har dei lært seg flikkflakk.

Får 123.000 kroner

Den nyaste avdelinga i Os Turn sjekka prisar på matter, og på noko utstyr som gjer jobben med å støtta flikkflakk-øvinga lettare.

– Det er dyrt utstyr, men vi tenkte vi kunne prøva oss med ein søknad. Vi trudde ikkje vi skulle få midlar, men den siste tida har vi sjekka på nettet om det var kome noko. Sidan fleire andre hadde fått, og vi ikkje var nemnt, trudde vi at toget var gått for denne gang.

Det var det ikkje. I går kom denne meldinga tikkande inn på epost:

Kjære søker
Vi har gleden av å fortelle at Gjensidigestiftelsen har innvilget deres søknad om støtte til «Kjøp av Cheermatter og turnutstyr» med 123.176 kroner.

– Vi er heilt i skyene! No skal nokre formalitetar på plass innan 1. februar og så kan vi bestilla. Dette utstyret kjem til å bety veldig mykje for både medlemmane og oss instruktørar, seier Anita.

Sjå òg: Bildeserie og video frå Os Turn sitt julehow i Oshallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.