Også våren 2018 har det vore eit søkk i løpebanen ved starten på 100 meteren på Kuventræ (foto: Andris Hamre)

– Vi er ikkje nøgd!

Prosjektsjef Halvor Hanevik om telehiv-problema på Kuventræ. – Vi har ein sak med entreprenøren.

Av: Andris Hamre

I mars 2016 skreiv Midtsiden om at den nye løpebanen på Os idrettspark Kuventræ ikkje hadde tålt vinteren særleg godt og at ein ved starten på 100 meteren hadde eit søkk i banen til stor frustrasjon for friidrettsgruppa til Os Turn, som om følgje av telehiven ikkje kunne arrangera eit planlagt stemne. 

I tenesteutvalet onsdag, to år seinare, tok Gisle Hesjedal (Ap) opp problemet på nytt.

– Då anlegget sto ferdig så fekk vi eit problem med telehiv. Eg forstår det var ein garantisak på det den gangen. I vinter har det også vore problem med det same, kva er status, undra Hesjedal i samband med at prosjektsjef Halvor Hanevik presenterte årsmeldinga for 2017.

Meir telehiv enn venta

Hanevik fortalde at ein i samband med befaring saman med entreprenøren hadde påpeika problema og skrive under på at dette var noko ein kunne venta seg i eit par år.

– Det blei den gang skrive under på at ein måtte rekna med telehiv fram til og med 2018. Det har med måten anlegget er bygd på og at massane under duken som er lagt ut må få tørka opp.

– Vi var klar over at vi kunne forventa det også denne våren, men problemet har vore større enn vi rekna med.

– Vi er ikkje nøgd, og det har vi kommunisert med entreprenøren, som etter at dei lagde anlegget har blitt kjøpt opp av ein større entreprenør, noko som gjer dialogen litt meir utfordrande. Men vi har ein sak på gang med dei, forklarte Hanevik.