Lokal | 26. des. 2014

Vi gir osingane eit val

Lesarinnlegg: Å forvirra og å satsa på at veljarane har korttidsminne vitnar om manglande respekt for både demokratiet

Vi gir osingane eit val
Glenn Erik Haugland. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. des. 2014 08:30

I førre veke kom eg med ein del konkrete eksempler på at Frp og Høgre i Os skiftar meining i fleire viktige saker for Os kommune. I staden for å svare på desse konkrete tilfella, vel heller ordføreren og hans parti å karakterisere mine ustpel som personangrep. Ordføreren unlet samstundes å kommentere hans eige heilomvending kva gjeld statleg plan i brusak, og vel heller å ta på seg offerrolla og skulde underteikna for rot med fakta.

Som politikare har vi eit stort ansvar. Det er avgjerande at vi held ord overfor veljarane ikkje minst i dei store viktige sakane. Om ein skulle til å endre meining, noko som også er legitimt, skuldar ein veljarane ei truverdig forklaring. Å forvirra, satsa på at veljarane har korttidsminne eller late som om ein meinte noko anna tidlegare, vitnar om manglande respekt for både demokratiet og dei som gir oss si stemme.

Nokon meiner at vi i Venstre har byrja valkampen litt vel tidleg. Det kan godt hende, men samstundes treng osingane tid til å venna seg til tanken om at det finst eit alternativ til Terje Søviknes. Han har ein sterk maktposisjon og namnet hans er nærast blitt eit varemerke synonymt med Os.

I kommunestyremøtet 16.12.14 og i eit innlegg 20.12.14 i Midtsiden.no, samt i Os & Fusaposten, karakteriserer ordføreren og hans partifeller det som eit personangrep når eg peiker på at dei ikkje held ord i viktige saker som Bjånes-utbygginga og i brusaka. I innlegget sitt skriv Søviknes sjølvmotstridande om det å vera motstandar mot bru over Bjørnafjorden. Han meiner løpet er køyrt samstundes som han hevdar at det fortsatt er lov til å vera motstander av asfalteringa av fjorden og bygda. Eg vil berre minna om at utan motstanden som vi i Os Venstre tar æra for å ha starta, ville vi ikkje ha hatt på bordet dei meir skånsame løysingene som no blir diskutert. Uansett meiner vi det er umogleg å gjennomføra eit så stort vegprosjekt utan at Os vert skadelidande på eit eller fleire vis. Difor føretrekk vi å seia nei takk til heile prosjektet.

Sjølv om regjeringa no gjennomfører ein fullstendig planprosess for midtre trasé over Bjørnafjorden er det ingen garantier for at bygginga vert realisert. I 1988 vedtok Stortinget å leggja hovudflyplass for Oslo til Hurum. Her låg det planar og til og med eit endeleg stortingsvedtak, likevel blei flyplassen bygd på Gardermoen. Det er i Noreg blitt brukt millionar av kroner på planar det ikkje er blitt noko av. Ja, sjølv i hordfastprosjektet sit Hordaland fylkeskommune på detaljerte planar om korleis ein trasé over Tysnes og Fusa kan løysast.

Det er heller ikkje slik Søviknes hevdar at Os Venstre er åleine i motstanden mot midtre trasé. I Os er vi på lag med KrF, Senterpartiet, TvS, MdG og Sv. For 22 månadra sidan var også årsmøtet i Os Arbeiderparti og jamvel vinglepartiet Os Høgre tilhengarar av indre trasé. Realiteten er at det i Os finst eit fleirtal mot midtre trasé.

Søviknes gjer det han kan for å forvirra når han støtt og stadig trekk fram Hordaland Venstre sitt uheldige vedtak om midtre trasé. Det er eit ope spørsmål om dette vedtaket som mellom anna forutset ein parallel togtrasé vert ståande, ettersom prosjektet utviklar seg og dei økonomiske og miljømessige argumenta endrar seg. Som kjend har regjeringa ikkje lagt opp til toglinje langs midtre trasé.

Nokre har reagert på at eit lite parti som Venstre utfordrar makta i Os. Men også Frp var ein gong i tida, før Terje Søviknes kom på banen, eit lite parti i Os-politikken. Os Venstre er langt frå åleine om å ønska seg meir openheit og ein betre og grøn arealpolitikk som tar vare på Os sin identitet. På kommunestyremøtet var Venstre, TvS, Krf, Sp og Arbeidarpartiet meir samkøyrde enn dei har vore på lenge i viktige sakar.

Det er vår demokratiske plikt som politikare å gje osingane eit realistisk val. Eit alternativ til den noverande politikken som råder i Os. Os Venstre lover å ikkje bøya unna sjølv når det stormar som verst frå dei blå-blå i Frp/H.

Frp har alt å tapa på å mista makta i Os. Frp sitt utstillingsvindauge og partiet sin mest profilerte kommunepolitikar kan heilt enkelt ikkje tapa i Os. Det er mykje som står på spel, og i året som kjem vil osingane få sjå eit formidabelt trøkk frå Os Frp mot alt som kan truga Søviknes sin posisjon.

Vi ser fram til eit spanande val-år i 2015 og ynskjer med dette ei riktig god jul og godt nytt år til alle osingar, uansett parti.

Glenn Erik Haugland
Leiar, Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.