Sport | 23. jan. 2014

– Vi har blitt høyrt!

Seks år med kamp har gjeve resultat, laksesesongen i Oselvo kan i år starta i juni igjen.

– Vi har blitt høyrt!
Bård Lyssand på opningsnatta 1. juli i 2013. I år startar sesongen truleg 15. juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. jan. 2014 09:41

– Det starta i 2008, med måling av gytebestanden, sidan har det vore ein kamp for oss osingar å visa at vi, trass i sesongar med låg fangst, har eit vassdrag med god gyting og mykje ungfisk, seier Olav Valle.

Valle er formann i Osvassdragets eigaralag og i fagrådet. No gler han seg over uttalen i ei nyleg høyring i Miljødirektoratet.

Vi viser til Fylkesmannens vurdering og støtter denne. På bakgrunn av rapportert fangst av laks i 2013 er forvaltningsmålet sannsynligvis oppnådd, skriv MD, og foreslår at årets sesong med laksefiske i Oselvo startar 15. juni i år.

Dei to siste åra har sesongen starta 1. juli og 15. juli.

Les òg: Ikkje nøgd med nye fisketider

– Vassføring er avgjerande

Gytebestanden i Osvassdraget har ifølgje Valle lagt på det dobbelte av grensa for kva som er sårbart for bestanden. Men i sesongar med dårleg fangst har Os kome dårleg ut på totalvurderinga.

– Det var snakk om å raudliste Osvassdraget. Men vi har endeleg klart å visa kor mykje vassføringa betyr for fangsten, at halve sesongen enkelte år går vekk grunna lite vatn i elva, medan bestanden likevel er god.

– Vi har ikkje ei smelta isbre i bakhand og det regnar lite. Er elva låg så blir det bading, ikkje fiske.

Medan fagrådet har ført tabell på vasstand har dei hyra inn Rådgivende Biologer AS til å måla mengda ungfisk.

– Det hjelper ikkje berre med ord, du må ha tal om du skal forklara noko til departementet. Men vi har fått god hjelp av Gro Walle hos Fylkesmannen, som har forstått saka vår og støtta fagrådet sine konklusjonar.

Fangst og sesongstart

Sånn har sesongstart og samla fangst av tert og laks vore i Oselvo dei siste åra:

2009: Start 1. juni, fangst 228 kilo
2010: Start 15. juni, fangst 503 kilo
2011: Start 1. juli, fangst 1264 kilo
2012: Start 15. juli, fangst 894 kilo
2013: Start 1. juli, fangst 680 kilo (førebels tal)

Frist for tilbakemelding på høyringa er 3. februar. Eigarlaget for Osvassdraget kjem ikkje til å levera fråsegn.

– Dette er vi nøgd med. Målet på sikt er å få sesongstart 1. juni, men no for tida slit heile landet med dårleg oppgang frå fjordane, så då får 15. juni vera ein fin middelveg, seier Olav Valle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.