Lokal | 22. okt. 2014

– Vi har det som plommen i egget

Kantina på Os ungdomsskule har blitt den naturlege samlingsplassen. Tysdag blei ho nytta til offisiell reopning av skulen.

– Vi har det som plommen i egget
Elevane stilte med hip-hop, song og dans (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 22. okt. 2014 07:56

Bildeserie:

Kommunen gav skulen eit piano i opningsgåve (foto: Andris Hamre)
Kommunen gav skulen eit piano i opningsgåve (foto: Andris Hamre)
Elevrådsleiar Sofie Undheim Irgens-Hagevik helsa frå elevane (foto: Andris Hamre)
Elevrådsleiar Sofie Undheim Irgens-Hagevik helsa frå elevane (foto: Andris Hamre)
Tor Inge Døsen fortalde korleis det hadde vore å leia prosjektet (foto: Andris Hamre)
Tor Inge Døsen fortalde korleis det hadde vore å leia prosjektet (foto: Andris Hamre)
Kommunalsjef Line Rye har fått cruisa inn opning av to nye ungdomsskular (foto: Andris Hamre)
Kommunalsjef Line Rye har fått cruisa inn opning av to nye ungdomsskular (foto: Andris Hamre)
Rådgivarane i Rambøll kom med gitar og fotball til skulen (Foto: Andris Hamre)
Rådgivarane i Rambøll kom med gitar og fotball til skulen (Foto: Andris Hamre)
Elevane viste sine kunstneriske sider med dans.... (foto: Andris Hamre)
Elevane viste sine kunstneriske sider med dans.... (foto: Andris Hamre)
...og song (foto: Andris Hamre)
...og song (foto: Andris Hamre)
1 av 7

Sjølv om Os ungdomsskule har vore i ordinær drift under heile rehabiliteringsprosessen og handverkarane var ferdige før skulestart i haust, så har den offisielle markeringa av at prosjektet er i mål latt venta på seg.

Tysdag var elevar, lærarar, skuleleiing, kommuneadministrasjon, politikarar og entreprenørar samla i den nye kantina.

– Med kantina har vi fått det som plommen i egget, oppsummerte elevrådsleiar Sofie Undheim Irgens-Hagevik.

For seint til timane

Den friske elevrådsleiaren oppsummerte korleis kvardagen hadde vore for elevar og lærarar i perioda då skulen blei rehabilitert.

– Då vi i 99-kullet kom til skulen, kom vi til ei skule som var slitt, kor mange tusen elevar hadde gått før oss.

– Det blei mykje støy og vi fekk lov til å ta fram mobilane for å høyre musikk medan vi arbeidde. Det tykkja vi elevar var berre positivt.

– Etterkvart måtte vi flytta ned i Landboden og då kom ei ny utfordring.

– Nemleg å komma presis til timen.

– Det blei mykje spurting over skuleplassen for å rekka timen, og det gjaldt lærarane også, fortalde Irgens-Hagevik til humrande lærarar som nikka gjenkjennande.

Musikken overdøvde bråket

Etterkvart som kantina blei ferdig fekk elevane nytte denne som samlingsplass.

– Fleire fekk søka om å vera kantinemedarbeidar til Turid og vi fekk nytta anlegget til å spela musikk for å overdøva borring og bygginga.

– Lærarane tykte kanskje det var verre bråk, men vi syntes det var fint, smilte elevrådsleiaren, igjen til samtykkande nikk frå lærarstaben.

– Den gamle skulen hadde sett sine beste dager. No er vi stolte og kry over den nye vi har fått.

– Eg håpar også dei kommande elevane tek godt vare på den, helsa Irgens-Hagevik.

Tryggleik viktigast

Både rektor, ordførar, kommunalsjef og representant frå dei rådgivande entreprenørane helsa skulen med ord og gåvar. Felles for dei alle var at dei trakk fram prosjektavdelinga i kommunen under leiing av Tor Inge Døsen som hadde leia prosjektet med stødig hand.

– Det var ein stor jobb og ikkje berre enkelt å tråkla seg igjennom.

– Vi kunne ikkje godt senda elevane ut i skogen i halvanna år heller, men vi klarte det.

– Det har vore utfordrande for både lærarar, elevar og handtverkarar. De skal vita at også handverkarane måtte tilpassa seg og ta mykje hensyn dei ikkje er vante med.

– Ja, vi missa straumen, internett, intranett og hadde nokre kalde dagar, men vi klarte det utan alvorlege skader. Det var det viktigaste.

– Det er ikkje ein spøk med rehabilitering, spesielt ikkje når du i tillegg har 400 elevar spradande rundt.

– Men til elevane har eg lyst å seie. Den opplevinga og erfaringa de har fått vil de ta med dykk gjennom heile livet. Det vil bli ein god balast, det kjem dagar de vil få brukt for den, helsa Døsen.

Rehabiliteringa kom på 75 millionar kroner, 5 millionar høgre enn kommunestyret sitt vedtak, men 8 millionar lågare enn dei første kalkylene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.