Målskårar Herrem (t.v.) etter kamerat Nysæther (t.h.) sin kjempesjanse i 22. minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi kunne avgjort før pause

Ole Thomas Herrem skuffa etter tap for juniorlaget til Haugesund.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster - Haugesund 2 1-2 (0-0)
Målskårar, Lysekloster: Ole Thomas Herrem
Kampfaktafotball.no

Etter å med ti mann ha snudd 2-3 til 4-3-siger over Brann 2 måndag var Lysekloster i går klare for første haustkamp, siste runde før to veker ferie, og keeper sidan 2014, Chris Sunde Midtun sin siste for Lysekloster. Midtsun reiser til Tønsberg for å studera.

Kampen gjekk mot Haugesund 2, som òg vann med ti mann måndag. Dei mangla bortedrakter og måtte låna draktsett av vertane.

Haugesund, som låg nest nedst på tabellen før kampen, stilte med eit reint juniorlag beståande av i hovudsak første- og andreårsjuniorar.

Tok leiinga - skuffa over resultatet

– I pausen spurde eg om spelarane sjølv ville setja ord på dei første 45 minutta. Det klarte dei bra. Vi hadde for dårleg innsats, det var for lite rørsle rundt ballførar og vi var for svake i offensiv markering. Dessverre var det berre i korte periodar i andre omgang at vi klarte å løfta oss, der vi klarte å vera oss sjølv, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Vi har nok sjansar til å avgjera denne kampen allereie før pause, meiner Ole Thomas Herrem.

Han heada inn 1-0-skåringa i 53. minutt. Gjestane utlikna i 66. minutt og sette inn 1-2 ti minutt før full tid.

Kjempesjanse etter Zidane-rulett

Kristoffer Østervold, som i førre kamp skåra sitt tredje hattrick denne våren, kom seg åleine med keeper før eitt minutt var gått. Det som såg ut som ein blanding mellom eit innlegg og eit skot blei lett for keeper å ta.

Få sekund seinare kom eit godt innlegg av Ole Thomas Herrem, men denne fekk Haugesund 2-keeperen begge hendene på. Østervold fekk òg heada Herrem åleine med keeper i første omgang, men denne blei korrekt avblåst for offside.

Den største sjansen til heimelaget før pause var nok Hans-Christian Nysæther sin. I 22. minutt, etter ein lekker Zidane-rulett, fekk han avslutta frå 5,5 meter, men ein H2-forsvarar rakk akkurat å blokkera til corner.

– Det sit i hovudet

Samtidig viste gjestane seg hissige på brot og småfarlege på Lysekloster sin banehalvdel.

Heimelaget hadde nokre balltap på eigen banehalvdel som kunne blitt baklengsmål av, og som heldt energien oppe hos motstandarane.

– Desse såg ut til å skapa litt uvisse hos oss. Gjestane skåra på dei to einaste skota dei hadde mellom stengene våre, men når vi gjer 5-6 feil på rad så kan vi ikkje rekna med å sleppa unna.

– At Haugesund kan starta med åtte nye spelarar etter ein tøff kamp måndag er ikkje ei unnskyldning. Dette sit i hovudet, og hovudet var ikkje heilt på plass i dag. No blir det ferie og eigentrening, og uavhengig av korleis Brattvåg klarer seg på laurdag så har vi eit godt utgangspunkt når hausten startar, seier Hetlevik.

Lysekloster sin neste kamp er borte mot nettopp Brattvåg 5. august.

Laurdag 19. august er det lokaloppgjer Os - Lysekloster på Kuventræ. 

TABELL OG TERMINLISTE

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.