Lokal | 10. mai 2017

Vi lever i eit demokrati, ordførar Marie Bruarøy!

Lesarinnlegg: Vi kan ikkje ha ein ordførar som ikkje synest det er okei at hennar eigne innbyggjarar seier meininga si.

Vi lever i eit demokrati, ordførar Marie Bruarøy!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mai 2017 20:23

Det drar seg til i brukampen. Det er ikkje rart. Hordfast handlar om korleis eit heilt øysamfunn skal leva og bu; først i ein lang, krevjande anleggsperiode og så for evig tid med ei monsterbru og europavegtrafikk utanfor stovedøra. Heilt fundamentale livskvalitetar står i fare; heim, tryggleik for born på skuleveg, arbeidsplassar og fjord, skjergard, skog og enger som har gjeve levebrød, rekreasjon og unike naturopplevingar i generasjonar.

Er det nokon som har vanskar med å skjøna at dette angår, engasjerer og påverkar folk? At dei kjempar og argumenterer mot brua og alt den fører med seg?

Ja, utruleg nok. Ordføraren vår, Marie Bruarøy, den fremste blant dei folkevalde, ho har eit problem med det. Før idéverkstaden til vegvesenet uttala ho til lokalavisa at ho opplevde argumentasjonen til brumotstandarane i forkant av møtet som «ein form for trussel mot dei som møter her». Det la «ein byrde på dei som kjem hit i dag som eg ikkje synest er okei».

Det er å snu heile debatten på hovudet.

Bjørnefjordsbrua trugar Søre Øyane, ikkje ein gjeng aksjonistar som deler ut flyers. Det hadde vore fint om ordførar Marie Bruarøy etter kvart slutta med å peika på alle andre, og heller tar ansvar for det ho og partiet hennar har stemt fram. Ved kvar einaste korsveg der brua har vore oppe, har Høgre lojalt støtta opp om prosjektet. Frå det famøse kommunestyremøtet då den gang ordførar Terje Søviknes fekk manøvrert fleirtalet til å stemma for bru og Bjørnatrynet og no sist då høyringsforslaget var til votering. Dei har stemt ja, og halde seg for nasen, for eigentleg er dei imot bru. Men staten seier og vegvesenet seier, og då må vi berre finna oss i det, har gjennomgangstonen vore.

Den enkle sanninga er at Høgre er for bru – dei er berre ikkje for alt ubehaget som følgjer med. Dessverre er det ikkje slik politikk fungerer; og det må også ordførar Marie Bruarøy ta innover seg.

Opposisjonspartia i Os er mot bru, og kjempar for andre alternativ. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne Os har vore imot prosjektet frå dag ein, og har det som ei av våre viktigaste saker også framover. Hugs det når de stemmer ved det komande stortingsvalet.

Marie Hauge og Knut Børgesen
Styremedlemmer i Os MDG og høvesvis sjette- og tredjekandidat på Hordaland MDGs stortingsliste

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.