Lokal | 29. apr. 2016

Vi ønskjer ein forskjell, men du er ein mann!

Lesarinnlegg: Den siste tidas avsløringar av hendelser om overgrep av born i barnehagar i Bergen er alvorleg, tragisk og emosjonelt, ein prøvelse for dei fleste av oss.

Vi ønskjer ein forskjell, men du er ein mann!
Laila Marie Reiertsen (Frp) (foto: KVB)
Lesarinnleggfredag 29. apr. 2016 12:50

Barnehagar skal væra trygge for borna og deira foreldre samt ein god arbeidsplass for dei tilsette. Når alle desse momenta vert knust av at ein medarbeidar utfører ufyselege og krenkande handlingar ovanfor små born vert tryggheita, tilliten og arbeidsmiljø knust, berre på ein dag.

Det er viktig at ein gjer alt det ein kan for å hindra slike hendelsar i framtida. Men ein må ikkje verta hysterisk. Noko eg vil påstå ein vert når til dømes ein barnehage nektar at menn skal bytta bleier på borna i ein barnehage.

Samfunnet treng menn i fleire yrker der det er fleire kvinner enn menn. Og dette har vore signalisert over mange år. Ein trenger ulike rollemodellar spesielt i barnehage og skule. Og det er gledeleg at ein ser ein sakte, men sikker endring både i barnehage, skule og innan helse.

Då kan ein ikkje riva ned denne positive utviklinga med feile handlingar som stenger menn ute frå å gjera jobben sin. Samtidig er det diskriminerande. Tenk om ein skal halda på slik på andre arenaer? I heimen med ein pappa som har permisjon, og er aleine med barnet sitt. Eller i jobben som sjukepleiar i stellesituasjonar med sjuke born. Nei, og atter nei. Slik kan ein ikkje halda på. Vi må heller utføra alle dei tiltaka som gjev meir tryggleik for borna når det gjeld barnehage.

  • Vi må vera meir opne for vanskelege situasjonar
  • Vi må snakka om det og samstundes få meir kunnskap, og samarbeida meir med ulike tenester som har med born å gjera.
  • Alltid sjekka referansar ved tilsettingar
  • Vi må ha transparente barnehagebygg
  • Vandelsattestar må sjekkast jamnleg, og ikkje minst at tilsette som har vore tilsett ein stund også må levera ein sånn attest.
  • Væra to tilsette tilstades i stellesituasjoner
  • Ein må i samarbeid med foreldre og barnehageeigar vurdera kameraovervaking om dette må til for å oppnå tryggleik og tillit.

Vi trenger ikkje fleire panikkhandlingar. Men vi trenger forskjellar, ulike rollemodellar. Og vi ønskjer menn i kvinnedominerte yrker, og kvinner i yrker der menn er i fleirtal.

Så enten du er kvinne, eller mann så er du velkommen i dei yrka du sjølv ønskjer å utdanna deg og arbeida i.

Laila Reiertsen
Fraksjonsleiar (FrP)
Familie og kultur Komiteen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.