Sport | 30. aug. 2016

– Vi skal ha det gøy!

Os tek imot TIF Viking med dei tidlegare utanlandsproffane Stine Lunde Andreassen og Linn Gossé. – Det er dei som har presset, vi skal berre ha det gøy, seier Gitte Torp.

– Vi skal ha det gøy!
– Senk skuldrane og ha det gøy, er meldinga Os-spelarane får frå trenarane Gitte Torp og Trond Førde Eriksen når dei tek imot TIF Viking i kveld (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 30. aug. 2016 09:36

Os tok seg greitt vidare frå 1. runde i NM med å slå ut Bjørnar på bortebane tidlegare denne månaden. Klokka 19 i kveld venter tøffare motstand heime i Oshallen, når TIF Viking frå 1. divisjon kjem på vitjing.

Viking har før sesongen styrka stallen mellom anna med tidlegare landslags- og Tertnes-spelar Linn Gossé og tidlegare Tertnes-profil Stine Lund Andreassen. Dei to spelarane er henta heim frå henhaldsvis danske Randers og svenske Sävehof for å vera med på å løfta Viking opp i Grundigligaen. Av mange i handballmiljøet blir Viking tippa som det nye storlaget i Bergensregionen.

– Det blir utruleg kjekt og spennande å møte Viking. Vi veit det kjem til å bli tungt, men det blir veldig, veldig gøy.

– Vi har ikkje noko press på oss. Ingen forventer det store, men Viking må vinna, så det er dei som har presset. Vi skal berre senke skuldrene og gå utpå banen og ha det gøy, fortel Gitte Torp, assistent-trenar for Os handball.

Er godt trente

Torp trur dei skal klare å gje Viking ein god kamp.

– Vi har mange jenter som er godt trent, så dei skal i allefall ikkje ta oss på kondisen. Troppen kjem til å vera fulltallig med eindel ungjenter som skal få prøva seg og kjenne litt på nivået. Dei einaste som ikkje er med er Elise Hjelle og Tiril Thomassen Grønvigh som er ute med sjukdom og skade.

Byrjar å sitta

Torp fortel at spelet no byrjar å sitta att etter sommarferien.

– Vi er gode når vi er gode. Forsvaret byrjar å fungere svært godt. Framover har vi mange som gjør gode ting når dei melder seg på, så det blir spennande å sjå i kveld om vi får det ut.

Spente jentespelarar

Minst like spent som spelarane som skal ut i NM-kampen er truleg jentene på J8 og J9.

– Vi ønskjer å lage litt ekstra ramme rundt kampane våre heime i Oshallen. I dag har vi fått med oss spelarar frå J8 og J9 som skal vera med å løpe inn i forkant av kampen. Eg har fått tilbakemeldingar på at dei gler seg like mykje som oss, og er minst like spente.

– I tillegg opnar vi kiosk oppe ved tribunen, så publikum skal få seg både kaffi og noko å bita i. Eg håper osingane tek turen og støtter jentene. Vi møter trass alt eit av byens beste lag og treng den hjelpa vi kan få frå tribunen, avsluttar Torp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.