Rådmann og prosjektansvarleg for Bjørnafjorden kommune, Christian F. Fotland har samla omlag 130 leiarar til strategisamling torsdag (foto: Andris Hamre)

– Vi skal levera endå betre kvalitet

Bjørnafjorden kommune: Om lag 130 leiarar fekk tydeleg beskjed frå rådmann Christian F. Fotland.

Av: Andris Hamre

Torsdag sit om lag 130 leiarar frå Os og Fusa kommuner samla i Oseana for å staka ut kva Bjørnafjorden kommune skal vera i 2023 og i 2035.

– Kva skal vi ha oppnådd tre år etter kommunesamanslåinga, og kor skal vi vera i 2035, femten år etter at vi har slått oss saman. Å staka ut den kursen er det vi skal byrje på i dag. Kva er det dykk synes er viktig å få med, undra rådmann og prosjektansvarleg, Christian F. Fotland.

Gevinstrealisering gjennom kvalitetsheving

Fotland fortalde at ein har lagt strukturen for arbeidet og at den administrative styringsgruppa har full kontroll på mandat og framdrift for dei omlag 40 ulike delprosjekta.

– Med nær 40 delprosjekt og seks til åtte personar i kvart prosjekt, så er vi omlag 300 personar som er involvert. Det er eg stolt av. Det er de som fagfolk som fortelje kursen vidare.

– Gevinstrealisering i ein samanslåingsprosess som dette, altså det som går på økonomi er viktig. Endå betre kvalitet i tenestene enn før er lik ein gevinstrealisering.

– Difor er det viktig at de ikkje gløymer å beskrive også der vi blir betre, ikkje berre det vi gjer. Eg er opptatt av kvaliteten på tenestene vi skal gi innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune, og at de klarer å levera betre enn i dag, understreka Fotland.

Ingen skal gå

Saman med resten av leiargruppa vil han utarbeide eit "skyggebudsjett" samla for dei to kommunane i 2019 for å sjå korleis ein vil ligga an frå 2020.

– Hypotesen er at vi kjem til å mangla penger. Mykje penger. Eigedomsskatten i Fusa skal vekk, begge kommunane har krevjande økonomiplaner med store investeringar. Vi snakkar kanskje opp mot 100 millionar kroner.

– Det vil vera naivt å tru at det ikkje blir krevjande, men vi skal klare det utan kutt. Vi skal bruke folkeveksten og tilpasse oss med å halde igjen, understreka Fotland før han garanterte at alle tilsette skal bli teke ivare på ein god måte.

Einingsleiarane på plass i haust

Innan 15. juni skal den nye strukturen for Bjørnafjorden kommune med dei ulike einingane vera på plass.

– Det er gode prosessar som går i tett samarbeid med dei tillitsvalde. Strukturen skal vera på plass 15. juni slik at vi er klare å tilsetta einingsleiarane frå 1. august. Korleis strukturen blir vil bli offentleggjort måndag 18. juni.

– I løpet av hausten skal einingsleiarane vera på plass, så vil vi tilsette avdelingsleiarar umiddelbart etter dette. Stillingene vil ikkje bli lyst ut. Vi vil følgje rutinen for innplassering av leiarar som har vore drøfta med dei tillitsvalde. Det vil bli  ein ryddig prosess, forsikra Fotland som fortalde at alle tilsette i heile organisasjonen vil vera på plass i stillingane sine innan 1. mai 2019.