Sport | 22. jan. 2016

– Vi skal nærma oss Nest før serien startar

Thomas Sandal såg at Lysekloster har litt å jobba med i vinter, men såg òg positive trekk i fredagens treningskamp mot Nest-Sotra.

– Vi skal nærma oss Nest før serien startar
Thomas Sandal såg mykje positivt i treningskampen mot Nest-Sotra fredag kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. jan. 2016 23:30

Fredag spelte Lysekloster vinterens første treningskamp. Kampen gjekk i Vestlandshallen mot komande seriemotstandar Nest-Sotra.

I fjor var det to divisjonar mellom dei to laga, noko Lysekloster i dag fekk smaka litt på.

– Nest køyrde eit høgare tempo og vi gjorde litt for mange feil, unødvendige balltap spesielt, meiner trenar Thomas Sandal.

Lysekloster - Nest-Sotra 1-3
Målskårar, Lysekloster: Ståle Steen Sæthre (Herrem og Moldeklev for Nest)
Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Gojko Ivkovic, Sigve Rørstad - Espen Birkeland, Martin Eidsvik, Hans-Christian Nysæther - Tommy Gaustad, Ståle Steen Sæthre og Thomas Helland.
Helland og Gaustad gjekk ut med småskade i første omgang, inn kom Aleksander Andersen og Joakim Hovden. I pausen kom Joakim Hjelmeland inn for Eidsvik og Steffen Finsådal for Jonassen.

– I periodar var det mykje positivt å sjå, både spelemessig og i enkeltprestasjonar. Vi ser kva vi har å jobba med og vi skal koma oss nærmare Nest-Sotra til serien startar.

– Det var fleire som viste seg godt fram i dag, ikkje minst Espen Birkeland, han var i ein klasse for seg i dag, meiner Sandal.

Samtidig synest han Lysekloster var prega av at dei trener på halv bane i hallen.

– Det skal bli godt med litt mildvêr no, og nokre økter utandørs heime på Lysekloster.

Neste treningskamp går på heimebane mot Gneist tysdag 2. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.