Sport | 10. apr. 2018

– Vi var betre enn eg trudde

Kvile såg video av Fyllingsdalen 2 - Os utover natta etter den skuffande serieopninga. – Det er ingen grunn til å svartmala.

– Vi var betre enn eg trudde
Ein av Os sine 12 store sjansar i gårsdagens kamp. (Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. apr. 2018 19:53

«Sjokktap for Os» skriv BA. Til Midtsiden kalte trenar Karl Kvile førsteomgangen for pinleg.

Os er favorittar til opprykk etter det historiske nedrykket i haust, og hamna under 3-0 etter 47 minutt borte mot Fyllingsdalen 2.

– Både eg og spelarane er framleis skuffa, men bildet er ikkje så dystert som enkelte, inkudert meg sjølv etter kamp i går, vil ha det til.

– Farga av følelsane er det lett for å svartmala, men i tillegg til det positive eg sa om andre omgang vil eg, etter å ha sett video av kampen fleire gongar, seia at det ikkje ser så gale ut.

Kvile blei sitjande utover kvelden og natta, og etter analyse ser han at det ikkje er grunn til å uroa seg så mykje.

4-12 i sjansar

– Vi hadde 12 sjansar, vertane hadde 4. 1-0 kom på dødball, 2-0 var ein flott soloprestasjon av Vassnes og 3-0 kallar er ikkje ein sjanse, der er vi uheldige og gir rett og slett vekk ballen til spissen.

– Kor mykje vi hadde ballen har eg ikkje heilt klare tal på, men eg trur ikkje eg tar i om eg seier 70 prosent av tida. Gutane er prega av høge skuldre og slurvar her og der, men legg ned ein enorm innsats og viser verkeleg vilje.

I tillegg til to store sjansar med innlegg til umarkert spelar på bakerste stolpe viser videoen, ifølgje Kvile, at Simon Søvik er 3-4 meter onside før skårer. Det som kunne vore 3-3 blei annulert.

– Vi har eit godt press, vi kjem til masse innlegg i boks og Mats Cato Moldskred slår to fantastiske cornarar som det blir mål av.

I angrepsposisjon

Også Odd Løvset hos Hordalandsfotball meiner Os ikkje bør henga med hovudet.

– FKF2 kriga bra, men Os var best. Det er ingen grunn til panikk, meiner Løvset.

Kvile understreker at sjølv om alle er skuffa, er det positiv stemning.

– Eg opplever at alle har den rette innstillinga. Vi er i angrepsposisjon og er verkeleg klare for å jobba knallhardt i kampane som kjem. Vi gler oss allereie til sesongens første heimekamp laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.