Lokal | 14. nov. 2013

– Vi var ikkje i tvil

Line Rye frå Os blir ny kommunalsjef for oppvekst- og kultur. – Ei samrøystes tilsettingsgruppe var ikkje i tvil om at Line var den vi ville ha, seier rådmann Knut Terje Rekve.

– Vi var ikkje i tvil
Line Rye er tilsett som ny kommunalsjef for oppvekst- og kultur (foto: Andris Hamre/UIB)
Andris Hamretorsdag 14. nov. 2013 14:53

Ingvar Torsvik gir seg som kommunalsjef for oppvekst- og kultur ved nyttår for å ta til i stillinga som generalsekretær i Nordmisjon. Då søknadsfristen på stillinga gjekk ut, var det kome 11 søknader, fem menn og seks kvinner, på stillinga.

– Vi har sendt tilbod og fått muntleg ja.

– Den som kjem til å ta over etter Ingvar er Line Rye, fortel rådmann Knut Terje Rekve.

Brei og god kompetanse

Rye er i dag personaldirektør ved Universitetet i Bergen.

– Ho er siviløkonom med tilleggsutdanning, mellomanna i pedagogikk.

– Ho har òg ei lang og god erfaring innan HR-faget og vil bli ein god og nyttig tilvekst til leiergruppa i kommunen.

– Line er ein spennande person med mykje god kompetanse, oppsummerar rådmannen.

Einstemmig

Rye var den klare kandidaten frå Mercur, som har køyrd dei innleiande rundane av tilsetjingsprosessen.

– Vi tre som foretok intervjua var heller ikkje i tvil.

– Ei einstemmig gruppe fall ned på Line.

– Vi gleder oss veldig til ho byrjar hjå oss og skulle gjerne hatt ho på plass allereie i dag, men ho har diverre tre månaders oppseiing, fortel Rekve.

Han fortel at dei jobbar med å få ho løyst frå universitetet tidlegare enn dei tre månadane, om det ikkje lykkast vil ho ta til i stillinga i midten av februar.

Doblar antal kvinner

Rådmannen er òg glad for at han no doblar antal kvinner i den kommunale toppleiinga.

– Det er eindel som har kommentert at vi berre er "gråhåra gamle gubbar" i leiargruppa.

– Med Rye på plass doblar vi antal kvinner i leiinga, avsluttar rådmann Knut Terje Rekve, som frå før har leiar for teknisk drift, Marianne Kramer, som einaste kvinnlege representant i leiargruppa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.