Sport | 21. jan. 2017

– Vi var utolmodige og unøyaktige

Os tapte borte for Haugesund 2 i dag.

– Vi var utolmodige og unøyaktige
Os fekk det tøft mot Haugesund 2 også i serien i 2015. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. jan. 2017 15:42

Os har i dag spelt sin andre treningskamp. Førre helg blei det eit knepent 3-4-tap for Brann 2, i dag sto nok eit andrelag som motstandar.

• Les òg: Sjå kven Os møter i NM-kvalik

– Haugesund 2 stilte med eit ungt og godt lag som verkeleg var til stade i kampen.

Haugesund 2 kom på 5. plass i avdeling 6 og berga så vidt plassen. I 2017 er dei motstandarar med blant andre Os og Lysekloster i Regionsligaen avdeling 4.

– Vi starta bra, og Øystein (Takle Eide) hadde ein stor sjanse på 0-0, men vi blei for utolmodige og unøyaktige i spelet vårt, synest spelande hovudtrenar Hassan El Fakiri.

Haugesund 2 - Os 2-0 (1-0)
Os: Anders Fossen Lunde - Endre Brenne (Trym Hjørnevik), Adrian Valle, Preben Skorpen, Knut Spangelo Haga (Harry Moore) - Hassan El Fakiri (Torgeir Lunde), Rafael Villén (Vegard Hjelle) - Marius Mikkelsen (Thomas Lunde Fosen), Steffen Ljosheim (Glenn Krossøy) - Christoffer Havsås (Enrique Crespo Søvik) og Øystein Takle Eide (Anders Havsgård).

– Alle vi hadde med oss fekk speletid. Vi gjorde ein del byte i pausen, andre kom inn etter 60 minutt. Ungdomen klarte seg bra, seier El Fakiri.

Os speler neste treningskamp om to veker, då mot Fyllingsdalen. Same dag speler Lysekloster mot Åsane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.