Sport | 23. mars 2014

Video frå Os - Lysekloster

– Vi skapte mykje, men det er forsvaret eg vil rosa mest, seier Os-trenar Jørn Vegard Berge etter gårsdagens siger over Lysekloster.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. mars 2014 08:30

Bildeserie:

Mange møtte fram trass sludd, regn og mykje vind. (Foto: KVB)
Mange møtte fram trass sludd, regn og mykje vind. (Foto: KVB)
Klar for NM-kvalik og Battle of Bygdo. (Foto: KVB)
Klar for NM-kvalik og Battle of Bygdo. (Foto: KVB)
Tidlegare Os-spelarar Ramo Racic og Tore Valvik tok avspark for gjestane. (Foto: KVB)
Tidlegare Os-spelarar Ramo Racic og Tore Valvik tok avspark for gjestane. (Foto: KVB)
Og Preben Borgen klinte til i duellane på sin tidlegare heimebane. (Foto: KVB)
Og Preben Borgen klinte til i duellane på sin tidlegare heimebane. (Foto: KVB)
Etter 1-0-skåringa tok Lysekloster over i 25 minutt. (Foto: KVB)
Etter 1-0-skåringa tok Lysekloster over i 25 minutt. (Foto: KVB)
Men Os styrte mesteparten av 2. omgang. Unge Håkon Kvittingen (t.h.) er blant dei som viste seg godt fram. (Foto: KVB)
Men Os styrte mesteparten av 2. omgang. Unge Håkon Kvittingen (t.h.) er blant dei som viste seg godt fram. (Foto: KVB)
1 av 6

Os vann det prestisjefylte lokaloppgjeret mot 3. divisjonsmotstandar Lysekloster i gårsdagens første runde i NM-kvalifiseringa.

– Vi har blitt veldig farlege framover, eg synest det var veldig fortent at vi gjekk opp i 3-0-leiing, synest Jørn Vegard Berge.

– Dette var veldig bra med tanke på at vi har trent 10 økter dei siste 7 dagane, og hadde ein lang reisedag fredag. Når vi blir lettare i beina kan det bli endå gøyare.

– Det er forsvaret og keeper eg vil trekka fram etter denne kampen. Vi møter sterk motstand, og rett nok har dei ballen mest i første omgang, men dei skaper veldig lite.

– Frode er berre 18 år, men er autoritær og trygg mellom stengene. Det var dessutan kjekt å sjå debutant Emilis og sterke Dani spela ein heil kamp.

Os - Lysekloster 3-1 (1-0)
Målskårarar: Erik Kanestrøm (11.), Roar Vestbø (66. og 78.) og Kim Kleivedalen (86.)

– Vi blei for dårlege til å hindra overgangar og for lite villig til å satsa. Vi blei ståande å venta på å få ballen i beina, dette var ikkje godt nok, synest Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund.

Men han er nøgd med 25 minutt i midten av første omgang. Då sto Lysekloster høgt med ball og produserte rundt 8 cornarar på ein kort periode.

– Men vi klarte ikkje å skåra på corner før det var fem minutt igjen. Samtidig var vi heldige som ikkje fekk fleire imot i 2. omgang, for då hadde Os nokre store sjansar før dei auka til 2-0 og 3-0.

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Torkel Hjertnes, Dani Alvær Bergstø, Emilis Zilinskas, Glenn Krossøy - Stian Lunde, Erik Kanestrø, Håkon Kvittingen - Roar Vestbø, Mats Cato Moldskred og Christer Olsen.
Innbytarar med speletid: Mats Lepsøe, Ørjan Glesnes og Kenneth Gjerde

Lysekloster (4-3-3): Chris Sunde Midtun - Joakim Hjelmeland, Kristian Magnussen, Aleksander Andersen, Mattias Høiland - Simen Birkelund, Tore Valvik, Preben Borgen - Kim Kleivedalen, Lars Henrik Skage og Ramo Racic.

Os speler andre kvalifiseringkamp til NM om to veker. Det er førebels uvisst kven som blir motstandar.

VIDEO: Sjå drygt 8 minutt med alle skåringane og nokre av duellane og sjansane i gårsdagens kamp. (Foto/klipp: Kjetil Vasby Bruarøy)
Innbytarar med speletid: Johannes Jordal, Magnus Sandvåg og Øyvind Olsen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.