Video Os - Brann
Sjå måla, sjansane og stemninga på Kuventræ då Os tok imot Brann til cupoppgjer.
Det blei divisjonsforskjell då Os tok imot Brann på Kuventræ. Bergens stoltheit blei for sterke for osingane, men opplevinga kan ingen ta frå dei omlag 2000 tilskodarane som fekk billett.
Interressa rundt kampen var upåklageleg, noko frammøte frå media var eit tydeleg prov på. Kampen gjekk mellomanna direkte på TV2 Sportskanalen og Sumo.
Som einaste lokalmedia har Midtsiden gleda av å presentera høgdepunkta frå kampen.
Til pause hadde 1. divisjonslaget full kontroll og leia 0-4, men Os gav ikkje opp og jubelen tok av då Børge Borgen reduserte til 1-6 ti minutt før full tid.
– Vi fekk oss nokre tidlege mål, men det skal også vera forskjell på 1. og 3. divisjon, oppsummerte Azar Karadas etter kampen.
Les òg: Livleg, men ikkje spennande
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.