«Vidunderet» er tatt på land
Båteigar vil få ei saftig rekning.
Bildeserie:
Natt til onsdag 10. januar gjekk båten «Vidunderet» ned. Båten låg til kai i gjestehamna på Halhjem, ein kai Statens vegvesen har leigd vekk til Veidekke, som får massar levert med båt.
– Eg var med på å sørgja for at båten blei heva, men det var Veidekke som organiserte dette, seier Rolf Nordeide hos Statens vegvesen.
Kaien skal brukast til levering av masser i dag.
Eigar får rekninga
Eigar fekk pålegg om å fjerna båten, men gjorde ikkje dette innan fristen.
Han har tidlegare sagt til Midtsiden at han vil henta båten om Os brannvesen lensar den.
• Les òg: Strid om fjerning av havarert båt
– Sjølv om vi tar oppdraget er det båteigar som får rekninga, seier Nordeide.
– Kva vil denne koma på?
– Det veit eg ikkje, men det vil kosta litt.
Treng politieskorte
Midt på dagen i går blei båten heva. Den står no på hengar på Halhjem.
– Vi fekk ikkje målt breidda på båten før den var oppe. Båten er breiare enn 3,5 meter, så vi må derfor ha politieskorte for å få den fjerna frå staden, fortel Helge Pedersen hos Rivenes AS.
Rivenes tok oppdraget for Veidekke.
– Vi har fått bestilt politi til transport i kveld.
Båten blir køyrd i Rådalen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.