Denne båten gjekk ned i går. Brannvesenet var raskt på staden og fekk lagt ut lense rundt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

«Vidunderet» heng etter to hyssingar

Eigar skal ha gitt vekk båten.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag fekk Midtsiden tips om ein større turbåt som var i ferd med å gå ned. Båten ligg ved kai på Halhjem, nær ferjekaien.

– Vi fekk melding om den same båten tysdag formiddag, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Brannvesenet har ansvar for å hindra og redusera akutt forureining, og har lagt ut lense rundt båten for å hindra eventuelt drivstoff i å spreia seg i skjergarden.

Håper eigar tar ansvar

Brannvesenet har varsla både eigar av kaien, som er Statens vegvesen, og eigar av båten.

– Han som står oppført som eigar fortel at han har gitt vekk båten, men vi har òg snakka med ny eigar.

– Vi håper vedkomande snarast tar tak i dette, og får båten heva og fjerna.

Ny eigar har opplyst at det er lite drivstoff på tanken. Søppel om bord, og det drivstoffet som allereie ligg og skin i overflata, tilseier likevel at båten snarast bør fjernast.

Har hatt ulike utfordringar

Båten er ein av fleire som over tid har lagt til kai ved gjestebrygga på Halhjem.

Den store skuta «Seibuen» måtte lensast av brannvesenet kvar veke i fleire månadar før den blei fjerna.

• Les òg: Tett med båtvrak på Halhjem før påske (april 2017)

Det hender ofte at brannvesenet bistår båtfolk med problem, men det har òg blitt ei utfordring for Os kommune at enkelte eigarar verken har hatt båtplass eller kapasitet til å ta hand om båten når det først går gale.

Dette var tema i plan- og bygningsutvalet i desember.