Lokal | 29. aug. 2015

Vigde sitt første par

Laurdag gifta Renate Solberg og Tor Espen Grevle seg. Seremonien sto ordførar Terje Søviknes for.

Vigde sitt første par
Ordførar Terje Søviknes sto for sermonien då Renate Solberg og Tor Espen Grevle gifta seg laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 29. aug. 2015 14:17

I mars blei det kjend at regjeringa hadde lagt fram eit forslag om å overføra vigselrett til kommunane. Framleis har ikkje lovforslaget tredd i kraft, men laurdag hadde ordførar Terje Søviknes (Frp) sitt første oppdrag då han sto for seremonien då Renate Solberg og Tor Espen Grevle sa ja til kvarandre.

– Renate fekk ikkje det akkurat slik ho ønskte seg i kyrkja, så då tok ho heller kontakt med Terje, etter å ha lest at kommunen skulle få vigselrett, fortalde ein litt nervøs brudgom om lag ein halvtime før seremonien.

– Eg kunne ikkje seia nei då eg fekk spørsmålet. Rett nok måtte dei framleis om byfogden for å få det formelle på plass, men å kunna hjelpa dei på den store dagen deira er berre stas, sa Søviknes.

Blei rørt

Etter seremonien fortel den bunadskledde ordføraren at han ikkje var upåverka han heller.

– Det var litt spesielt, eg blei rørt og måtte ta meg skikkeleg saman. Men det var eit veldig hyggeleg oppdrag.

– Det var ei ære å få lov å setja ein spiss på dagen deira.

Kan bli travelt

Søviknes ser ikkje bort fra at det kan bli fleire laurdagsjobbar om kommunen får vigselrett i tillegg til domstolane.

– Eg vil tru det kan bli nokre oppdrag då, ja. Det at vi kan gjera dette kan samstundes opna for at brudepar får den ramma rundt den store dagen som dei sjølv ønskjer.

– Oseana som vi er i i dag er godt egna for bryllup. Eg trur òg det kan bli eit godt alternativ for likekjønna vigsler, om ikkje kyrkja vil tillata det, avslutter Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.