
Vikla seg fast
I helga starta hjortejakta i Os og eit jaktlag på Skogafjellet (bak Ulven Leir og Svegatjørn) fann restane etter eit dyr som har lidd ein langsam og smertefull død.
– Dei fann beinrestane og geviret då dei gjekk på jag. Bukken har tydelegvis vikla seg inn i den tjukke strengen og stått der til den svalt i hel, seier Espen Andersen.
Andersen var ikkje med då dyret blei funne, men fekk sjå restane då kameratane tok skallen med ned frå fjellet.
– På undersida ser vi korleis strengen har gnagd seg inn i kraniet, truleg når hjorten har prøvd å slita seg laus. Den kan ha stått sånn i fleire veker før den omkom.
– Dette er ein tankevekkar for oss som ferdast mykje i skogen, ser du noko som dyr kan vikla seg inn i så gjer ein innsats for å rydda det vekk, seier Andersen.
Midtsiden samleside: Jakt og fiske
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
