Lokal | 12. sep. 2014

Viktig for fleire

E39 Svegatjørn-Rådal: Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H) og ordførar Kjetil Hestad (Ap) jublar. – Ny E39 er eit viktig samband for fleire enn osingane.

Viktig for fleire
Varafylkesordførar Mona Hellesnes (V), stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H), ordførar Terje Søviknes (Frp), stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter (Frp) og Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H) spratt kaka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 12. sep. 2014 12:45

Det er ikkje berre ordførar Terje Søviknes (Frp) som jublar over at regjeringa no har levert bompengeproposisjonen til Stortinget. Også for leiar-kollegaene i Bergen og på Tysnes er det ein jubledag.

– Eg er veldig nøgd i dag.

– Dette er eit viktig samband også for oss som bur i Sunnhordland.

– Det vil korta ned reisetida frå Tysnes til Bergen med ein-tredjedel og gjera området til ein enno større arbeidsmarknadsregion.

– I dag er det fest i Sunnhordland òg, ikkje berre på Os, smilte ordførar Kjetil Hestad.

Knyt kommunane tettare saman

Han får støtte frå byrådsleiar i Bergen Ragnhild Stolt-Nielsen (H).

– Dette må jo vera den best planlagte vegstrekninga i heile Noreg.

– Det at reisetida no halverast mellom Os og Bergen betyr mykje for bergensregionen som eit attraktivt bu og arbeidsmarked.

– Vi kjempar med andre stader om dei kloke hovudene, påpeiker Stolt-Nielsen.

Ventar på gravemaskina

Stolt-Nielsen fortel at dei fatta det siste naudsynte vedtaket i 2012.

– Alt er klart frå Bergen si side.

– No ventar vi berre på at gravemaskinene byrjar å gjera jobben sin, smiler byrådsleiaren.

Ein ny kvardag

Dagleg leiar i bompengeselskapet Torbjørn Wilhelmsen er blant dei som skal vera med på å skaffe til vegs midlane til vegen.

– Vi er klare til å ta fatt på den jobben, berre vår rolle blir avklart i høve dei statlege bompengeselskapa.

– Men dagen i dag er først og framst ein gledens dag for dei som bur langs den eksisterande E-39.

– I 2021 vil dei få ein heilt ny kvardag uten tungtrafikken som dundrar forbi som i dag. For dei må det jo opplevast meir eller mindre som ein revolusjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.