Sport | 15. des. 2016

– Viktig å ikkje stressa

Os Fotball har førebels ikkje signert ein einaste ny spelar.

– Viktig å ikkje stressa
Hassan El Fakiri stressar ikkje, men seier han vil styrka sentrallinja til Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. des. 2016 11:09

Mens Lysekloster gjer som i fjor, skiftar ut store delar av stallen og til no har signert sju nye spelarar, har Os førebels små endringar.

– Vi vil styrka oss både på topp og bakover i sentrallinja, sa Hassan El Fakiri i starten av november.

I tillegg ser Os etter fleire keeperar, då dei i år mista Frode Moberg Øvredal, og frå sommaren truleg mister den amerikanske studenten Andrew Todd.

Men til no er ingen nye kome inn i Os sin A-stall.

– Har samtalar denne veka

Os har hatt fleire spelarar i trening, både utespelarar og keeper.

– Vi har òg vore i dialog med nokre andre, men til no har det anten ikkje passa å bli med på det opplegget vi har, eller at dei har valt andre klubbar, fortel Hassan.

– Skulle du ønskt at dette arbeidet var kome lengre?

– Alle like å få ei avklaring, men vi er berre kome til desember. Vinteren er lang, det er viktig å vera grundig i prosessar som dette, at du føler deg trygg på at du får får tak i nokon som er gode nok.

– Vi har dessutan nokre møter før helga, så det kan bli signering før jul, seier El Fakiri.

Som i fjor

Største endringar frå førre vinter er at Stian Lunde og Torkel Hjertnes, som begge var i tenkeboksen i fjor, og først blei klare i februar, gir seg for å legga opp eller trappa ned.

Os har lagt bak seg kanskje sin beste sesong sidan opprykket i 2009, men var også førre vinter seine med å få inn nye spelarar. Keeper Morten Madsen Skeie, som skadde seg og ikkje blei brukt, blei som Christoffer Hafsås signert i februar.

Os har signert nye avtalar med Hafsås, som blei viktig for Os då han blei frisk og speleklar, og årets beste spelar, Marius Mikkelsen.

Også den sterke midtstopparen, portugisiske Divaldo Cardoso, som Os fekk på lån frå Øystese frå sommaren, skal vera klar for ein heil sesong med Os i 2017.

Men Os Fotball er framleis på jakt etter ei styrka sentrallinje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.