Fotball | 14. okt. 2012

Viktige sigrar i 5. divisjon

Både Søre Neset og Os 2 vann i helga. Det går mot avgjerande lokaloppgjer på Bjørnen.

Viktige sigrar i 5. divisjon
Roar Vestbø kom seg forbi keeper og sette inn 2-0 til Os 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. okt. 2012 20:06

Søre Neset, som kjempar om å halda seg i divisjonen, vann 2-0 borte over Rosendal laurdag.

– Lars Martin Høyvik og Remi Lindborg skåra måla våre. Begge skråingane kom i første omgang, fortel trenar Vidar Bahus.

Os 2, som går for comeback i 4. divisjon, vann 7-2 (4-0 til pause) over Lyngbø 2 søndag.

– Vi hadde full kontroll, men hadde ein periode i 2. omgang der vi ikkje var heilt på. Sjølv om 7-2 er komfortabelt nok, ser vi bak resultatet på kva vi kan bli betre på, seier trenar Terje Kvittingen.

Os sine mål: 1-0 Stian Håvik, 2-0 Roar Vestbø, 3-0 Erik Kanestrøm (straffe), 4-0 Erik Kanestrøm, 5-0 Børge Borgen, 6-1 Håkon Kvittingen, 7-2 Christer Olsen.

Os 2 må spela ein hengekamp mot NHH 2 onsdag. Os 2 vann 5-3 over NHH 2 tysdag, etter å ha leia 4-0 til pause.

Søndag om ei veke (kl 16.00) speler mot Søre Neset på Bjørnen, ein kamp som kan bli avgjerande for begge lag.

Søre Neset ligg over streken, men om botnlaget Kjøkkelvik slåt NHH 2 i siste runde treng Søre Neset full pott, altså siger over Os 2 som i lokaloppgjeret på Kuventræ før ferien.

Os 2 ligg på 3. plass på tabellen, a-poeng med Fitjar med éin kamp mindre spelt. Fitjar møter serievinnar Bremnes i siste runde. Avhengig av kva som blir resultatet mellom Os 2 og NHH 2 onsdag vil Os vera svolten på minst eitt poeng i serieavslutninga mot Søre Neset.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.