Lokal | 13. sep. 2016

Viktor vil ha kabelbane i Os

VIDEO: Osingen Viktor Hjelle bur i Spania. No håper han å kunna praktisera den nye hobbyen sin når han flyttar heim igjen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. sep. 2016 20:57

Bildeserie:

Viktor i konkurranse i Spania i helga.
Viktor i konkurranse i Spania i helga.
Der var han éin plass frå finale i vidaregåande klasse.
Der var han éin plass frå finale i vidaregåande klasse.
1 av 2
Viktor i konkurranse i Spania i helga.
Der var han éin plass frå finale i vidaregåande klasse.

Viktor Hjelle, som fyller 14 år i haust, har det siste året budd i spanske Alfaz del Pi med foreldra Karina og Tommy og søstera Mira.

I helga deltok han i sin første konkurranse i wakeboard, når han neste år flyttar heim håper han at det skal koma tilsvarande gode treningsfasilitetar i Os.

– Det er faktisk sånn at han har byrja å snakka om å gå på skule i Telemark så han kan nytta seg av Norsjø Kabelpark, fortel pappa Tommy Hjelle.

Heime i Os er det ein fin skjergard, men der sjøen er mest stille, mellom holmar og i smale sund, er det gjerne ikkje lov å køyra fort nok med båt til å slepa vannski eller wakeboard.

– Desse kabelbanane kan monterast på innsjøar og i stillegåande elver. Dei er stillegåande og har god kapasitet, samtidig vil ein permanent kabelbane danna grunnlag for å setja opp hopp og rails.

Nær finaleplass

Viktor testa kabelbane nokre gongar i fjor haust, frå påske har han hatt årskort på banen i Benidorm.

– Han følgjer med på webkamera mens han er på skulen, og om sjøen er blank så er han heilt vill når han kjem heim, då vil han rett på stranda.

I konkurransen som gjekk i Murcia i helga kunne Viktor deltatt i nybyrjarklassen, men meldte seg på som vidaregåande. Unge konkurrerer mot vaksne, det er berre erfaringstida som er avgjerande.

Av videoen over ser du at han var noko heldigare med øvinga enn konkurransen, men han var likevel berre éin plass frå å ta seg til finalen.

«Vannsportbygda Os»?

Til neste sommar kjem familien Hjelle heim igjen frå Spania. Dei bur i varmen for at dottera, som har barneleddgikt, skal ha ein symptomfri kvardag.

– Vi skulle eigentleg berre bu her eit år, men no tar vi eit år til, seier Tommy, som er heime på Bookeeper-kontoret cirka 10 dagar per månad og elles jobbar frå solkysten.

Med eit elles høgt aktivitetsnivå i bygda, og med mange lune viker og sentrumsnære vatn, trur han og sonen det kunne vore grunnlag for å etablera ein god kabelpark.

– Det er wakeboardklubb i Bergen og det er mange osingar som er flinke å stå på vannski og wakeboard. Eg trur det er mange ungar og ungdomar i og rundt Os som ville fått stor glede av ein sånn bane, seier Tommy, som blant anna har tagga ordføraren i ein video på Facebook for å lufta ideen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.