Lokal | 17. feb. 2016

Vil bli betre kjend

Os Fotball og Os Pensjonistforening i startgropa med spennande samarbeid på tvers av generasjonane.

Vil bli betre kjend
Endre Brenne i Os Fotball og Knut M. Prestvold i Os Pensjonistforening ser fram til eit godt og langt samarbeid (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. feb. 2016 13:08

Onsdag føremiddag vitja Endre Brenne frå Os Fotball eldresenteret, kor medlemmane i pensjonistforeninga feira at dei no overtek eldresenteret frå stiftinga Os Eldresenter.

Brenne sitt besøk kan gje grunn til enno meir å feira.

– Eg inviterte meg sjølv ned her for å lansera ein idé, fortel Brenne.

Inspirert av Mjøndalen

Ideen fekk han då han såg «Alle Gutta», dokumenteren om Mjøndalen IF på TV2.

– Spelarane og trenarane på Mjøndalen vitja Mjøndalen eldresenter og hadde ei hyggeleg stund saman med pensjonistane på eldresenteret. Det tenkte eg at det vi burde kunne få til her på Os òg.

– Eg ringte til Knut (Prestvold, leiar for pensjonistforeninga, journ.mrk) og presenterte tankane og spurte om eg fekk koma på besøk. Sjølvsagt fekk eg det, smiler Brenne.

Hyggekveld og catwalk

Om tre veker tek Brenne med seg spelarane og støtteapparatet til A-laget til Os ned frå Kuventræ til eldresenteret.

– Då inviterar vi til hyggekveld saman med pensjonistforeininga. Det blir manekengoppvisning, quiz og åresal i tillegg til litt servering. Eg må berre finna nokon til å stå på kjøkkenet.

– Heile tanken er at vi skal bli kjende med kvarandre, ha ein hyggeleg kveld og knytta band på tvers av generasjonane, forklarar Brenne.

– Det høyres så gøy ut. Unge og gamle saman, stråler ei godt vaksen kvinne som passerar Brenne og Midtsiden medan vi gjer intervjuet.

– Er det eitt ledd i få fleire til å komma på Kuventræ?

– Det er klart at vi set pris på om nokre av dei har lyst å komma på kamp og sjå på oss, men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste i denne samanhengen er å vera saman unge og gamle, avsluttar Brenne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.