Lokal | 30. mai 2013

Vil bygga 28 leilegheiter

Eigarane av Midtpunkt i Os sentrum, leverer i desse dagar reguleringsplan for kvartalet, ein plan med 5 etasjar, 28 leilegheiter og parkeringshus til over 80 bilar.

Vil bygga 28 leilegheiter
Dei to utbyggjarane framfor kvartalet dei håpar å få bygga om i løpet av dei neste åra (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 30. mai 2013 06:45

Kåre Lunde med Lundehjørnet AS og Sverre Olsen med Svamø AS har gått saman for å utvikla Midtpunkt-kvartalet. I desse dagar sender plankonsulentane i Plottaplan framlegg til reguleringsplanen til plan- og bygingsutvalet for førstegongshandsaming.

– Går det som vi håper på kan den koma opp til endeleg godkjenning på nyåret, etter at den har vore ute på naudsynte høyringar og lagt ute til offentleg ettersyn.

– Sidan vi fekk oppstartsløyve til planarbeidet har vi i det store og heile motteke positive tilbakemeldingar.

– Eg fekk til og med "lukke til" i det siste brevet frå fylket. Det trur eg ikkje eg har opplevd før, smiler Kåre Lunde, som har fleire prosjekt i kommunen, mellom anna med østerspollen på Innerøya og eigedomar på Ramsholmen.

2 + 3 etasjar

Planane omfattar to nye etasjar i bygget over Lundehjørnet og tre nye etasjar over bygget som i dag husar Rimi-butikken.

– Til saman har vi teikna inn 28 leilegheiter på mellom 47 og 114 kvaderatmeter.

– Kor mange det blir av kvar storleik kjem litt an på kva marknaden vil ha, forklarer Sverre Olsen, som eig størstedelen av arealet.

Dei to utviklarane fortel at det truleg vil bli ein kombinasjon av husvære for sal og husvære for utleige.

– Vi må innrømma at vi er litt usikre på behovet, så desse tinga får vi ta når vi utarbeider detaljplanane.

Ingen ville leiga

Sverre Olsen kjøpte sin del av eigedommen med Rimi-butikken og tilhøyrande lokaler i andre høgda for 14 år sidan.

– Etter at lokala i andre høgda blei tomme, har det vist seg vanskeleg å få leiga ut dei 11-1200 kvaderatmeterane.

– Det verste som kan skje eit bygg er at det står tomt. Då rotnar det på rot.

– Difor byrja vi å sjå på ombygging til leilegheiter då kommunen opna for husværet og så i andre etasjen, forklarar Olsen.

Dei to eig tomtene og har fått undersøkt grunnen i høve utvidinga.

– Det er mogleg vi må pæla ned støtter på delar av bygget, men det er berre ei teknisk utfordring og ikkje ein show-stoppar, forsikrar utbyggjarane.

Vil bygga parkeringshus

Skal ein bygga i sentrum, må ein også bygga tilhøyrande parkeringsplassar.

– Vi tillot oss å legga inn 1,2 parkeringsplass då vi først presenterte tankane for kommunen.

– I ettertid har kommunen endra kravet til antalet og justert det ned til nettopp 1,2, så vi traff bra der, smiler dei to.

Parkeringsplassane har dei tenkt løyst ved å bygga eit parkeringshus ved kyrkjelydshuset over to etasjar, kor det øvste parkeringsdekket kjem i flukt med Byvegen.

– Om kommunen godkjenner planane vil det bli 87 plassar fordelt på dei to plana.

– Sjølv treng vi omlag 30 plassar, så dermed erstattar vi dei omlag førti plassane som er der i dag, med 57 nye, pluss dei vi treng sjølv.

Må koma til ein avtale

I tillegg til å få godkjent sjølve byggeplanane er nettopp parkeringsløysinga einaste skjeret i sjøen dei to ser.

– Vi freistar å få det så godt inn i terrenget som mogleg, mellomanna med å senka det nedre dekket 90 cm i høve dagens terreng, og å ved å laga ei buffersone mot kyrkjegarden.

– Likevel kan vi risikera å få nei på forespurnaden om å få kjøpa området frå kommunen og opplysningsvesenets fond som eig det i dag.

– Vi er i drøftingar med dei og håper vi kan koma fram til ei god løysing for prosjektet, og for Osøyro som sådann.

– Gode parkeringsplassar er noko som trengs i sentrum, slår dei to fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.