Lokal | 26. jan. 2015

Vil bygga 73 ungdomsleilegheiter

Sjå illustrasjonane: Bygg Consept med 73 leilegheiter på Kuventræ, og ny løysing på støyskjerming.

Vil bygga 73 ungdomsleilegheiter
Øyvind Bugge og Olav Bjelland er to av konsulentane ByggConsept nyttar i planen for dei nye bustadene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 26. jan. 2015 11:11

Bildeserie:

Sju rekkehus med 73 leilegheiter ligg inne i planen (ill: ABO/Os kommune)
Sju rekkehus med 73 leilegheiter ligg inne i planen (ill: ABO/Os kommune)
Utbygginga sett i fugleperspektiv frå Ulvenvatnet (ill: ABO/Os kommune)
Utbygginga sett i fugleperspektiv frå Ulvenvatnet (ill: ABO/Os kommune)
Utbygginga sett i fugleperspektiv (ill: ABO/Os kommune)
Utbygginga sett i fugleperspektiv (ill: ABO/Os kommune)
Illustrasjon på korleis rekkehusa kan bli sjåande ut (ill: ABO/Os kommune)
Illustrasjon på korleis rekkehusa kan bli sjåande ut (ill: ABO/Os kommune)
Reguleringsplanen (ill: ABO/Os kommune)
Reguleringsplanen (ill: ABO/Os kommune)
1 av 5
Sju rekkehus med 73 leilegheiter ligg inne i planen (ill: ABO/Os kommune)
Utbygginga sett i fugleperspektiv frå Ulvenvatnet (ill: ABO/Os kommune)
Utbygginga sett i fugleperspektiv (ill: ABO/Os kommune)
Illustrasjon på korleis rekkehusa kan bli sjåande ut (ill: ABO/Os kommune)
Reguleringsplanen (ill: ABO/Os kommune)

På møtet i plan- og bygningsutvalet torsdag i førre veke fekk politikarane ein statusrapport frå Bygg Consept om utbyggingsprosjektet dei jobbar med på Kuventræ.

– Vi har jobba med planen i seks år no. Prosjektet er for unge i etableringsfasen og er veleigna til denne målgruppa med gangavstand til barnehagar, idrettsanlegg og skular, innleia Øyvind Tøsdal.

Utfordrande støyforhold

Med seg på presentasjonen hadde Tøsdal støykonsulent Hilde Løvvik frå Multiconsult og arkitektane Olav Bjelland og Øyvind Bugge frå ABO.

– Tomta ligg ved E39 og ei betongindustriverksemd (Brødrene Borgen, journ.mrk), så støy har vore ei utfordring.

– Dette har vi løyst med fleire støyreduserande tiltak, orienterte Løvvik.

Mot Borgen er det lagt eit felles parkeringshus for dei 73 husværa, mot E39 legg ein opp til ein 6 til 8 meter høg voll med støyskjerm på toppen.

– I tillegg må om lag 1/3 av leilegheitene ha lokal skjerming på terrassane, men alle bygga har òg ei «stilleside», forklarte støykonsulenten.

Store uteareal

I planen er det lagt inn store uteareal.

– Det er mykje meir uteareal enn det som krevst.

– Vi har òg lagt inn ein buffer for ein ny og utvida E39. Dette kan bli estetisk veldig bra med ein voll med planter tilpassa terrenget, forklarte Øyvind Bugge.

– Vil den nedste blokka ha utsyn til Ulvenvatnet, undra Ståle Skaatun (H).

– Nei, men dei vil få fjernverkanden med Liafjellet og Ulven og gode soltilhøve, svara Bugge.

Kva med tilførselstrafikken

Formålet med saka var at utbyggaren skulle få med seg nokre politiske signal før saka kjem til endeleg handsaming i utvalet.

– Det er mykje på lite areal, men eg tykkjer det ser greit ut. Det har vore jobba lenge med den og det er behov for denne typen bustadar, oppsummerte Gustav Bahus (Frp), men litt uroa var politikarane likevel.

– Eg synest det er litt stor volum. Tilførselsvegen er gjennom eit sentralidrettsanlegg, korleis blir det med så mange bustadar, undra Terje Sperrevik (TvS), utan å få eit klart svar.

Kom seg ut av områdeplanen

Litt klarare blei det nok då utvalet litt seinare i møtet handsama oppstartsmeldinga av områderegulering for Kuventræ. I den planen hadde administrasjonen tatt med delar av eigedommen til Bygg Consept, noko utbyggjar ikkje ønska.

– Det vi er redd for er at vår plan blir forseikna fordi ein skal ha områdeplan. Difor ber vi om at grensa for områdeplanen blir flytta til tomtegrensa, fortalde Øyvind Tøsdal.

– Sentralidrettsanlegget er ein stor sak for kommunen. Vi må sjå på trafikkløysinga i området samtidig med den doble idrettshallen.

– Ein går alltid utforbi grensene når ein lager ein slik plan. Det gjer vi fordi det er vi skal ha moglegheiten til å ta alle omsyna vi treng.

– Kanskje ser ein at ein treng laga ei ekstra trafikklomme for å få ei god trafikal løysing. Difor er det vanleg praksis å ta godt i ved alle oppstartsmeldinger, forklarte plan- og utviklingssjef Aina Tjosås.

Heilt gehør fekk ho ikkje hos politikarane, som med fleirtalet frå Fpr/H og Ap flytta grensa for områdereguleringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.