Prosjektsjef Halvor Hanevik sendte tysdag inn tilbodet på ny politistasjon på Moberg (foto: AH)

Vil bygga for 75 millionar

Kommunen har levert tilbodet på ny politistasjon.

image
Av: Andris Hamre

I august annonserte Politiets Fellestenester etter lokale til nytt lensmannskontor i Os, kor potensielle tilbydarar kunne levera prospekt for å komma vidare å kunne gje eit konkret tilbod.

Os kommune blei kvalifisert gjennom prospektet for ein politistasjon på Moberg vegg i vegg med beredskapssenteret. Fristen for å levera tilbodet gjekk ut i dag, tysdag 7. november klokka 12.

På budsjettkonferansen letta prosjektsjef Halvor Hanevik litt på sløret.

– De la kanskje merke til at eg sprang litt ut og inn her i starten av møtet. Det eg gjorde var å senda tilbod på politistasjonen på Moberg. Skisseprosjektet er på 75 millionar kroner, kun til det politiet skal ha. I tillegg kjem det vi sjølv treng til driftsbygning til OHARA og VA-anlegget.

– Dette kan skje eller det kan ikkje skje. Det er eit prosjekt under modning, presiserte Hanevik.

Skal ikkje gå i tap

Nils-Anders Nøttseter (MDG) lurte på om dette var ei kommunal oppgåve og i kva grad det ville vera eit sjølvkostprosjekt.

– Det er ikkje ei kommunal oppgåve, men vi ønskjer veldig ei samlokalisering av blålysetatane fordi vi trur det kan gi synergier. Vi skal ikkje gå i tap om vi får prosjektet, forsikra Hanevik om prosjektet som ikkje ligg inne i investeringsbudsjettet.

– Det vil, om vi får tilslaget, koma ein eigen skal til politisk handsaming. Det er eit sjølvkostprosjekt, men likefullt vil grafen på låneporteføljen vår auke med 75 millionar om det blir realisert, supplerte rådmann Christian Fotland.

Gustav Bahus (Frp) lurte på kva kvadratmeterprisen var, men det ville ikkje prosjektsjefen svare på.

– Vi er i ein konkurranse, så det må eg få la vera å svare på, kommenterte Hanevik.

I forespørselen frå Politiets Fellesteneste er ønskja innflytting seinast 1. mars 2019.