Næringsliv | 05. des. 2016

Vil bygga bustadar på heile tomta

– Det er ein eigedom som tar pusten frå deg, seier Kjetil Helland frå Bybo AS, ny eigar av Bjørnefjorden Gjestetun.

Vil bygga bustadar på heile tomta
– Vi kan få til eit eit veldig godt bustadprosjekt, seier Helland om tomta på Hauge. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. des. 2016 13:44

I dag blei det kjent at Bybo AS frå Bergen har kjøpt eigedomen som høyrer til Bjørnefjorden Gjestetun AS.

• Les òg: Bjørnefjorden Gjestetun er selt

Eigedomen er på rundt 11 mål og inkluderer bygningane på tomta.

Vil driva gjestetunet vidare, men berre midlertidig

Seljar har i november retta seg til Os kommune med ønskje om å regulera eigedomen om frå LNF til bustad, som innspel til arbeidet med ny kommuneplan.

Familien Bjørke vil driva gjestetunet vidare ut februar 2017. Dei vil saman med kjøpar, som overtar 1. mars, prøva å finna ny drivar.

– Om eigedomen blir omregulert, vil det framleis vera rom for hotell i ein eller annan skala?

– Nei. Vi kjem til å søkja etter ny drivar som kan halda gjestetunet i gang vidare, men får vi til det vi ønskjer så blir det bustadar på tomta.

Kan neppe bruka mykje av dagens bygningsmasse

Helland seier det førebels er uvisst kva type og kor mange bustadar det kan bli på den 11 mål store tomta.

– Det eg kan seia er at vi ønskjer å få til eit godt bustadprosjekt, også når det kjem til korleis det tar seg ut utvendig, korleis det er å bu der.

– Vi har no sett i gang ABO på å søkja om omregulering. Eit moglegheitsstudie vil nok raskt gje oss svar på kva vi kan få til.

– Kan noko av dagens bygningsmasse bli ståande igjen?

– Det er nokre historiske element som kan vera verdt å prøva å ta vare på, men av sjølve bygningsmassen over bakken er det nok lite som let seg konvertera til dagens krav.

Bybo AS er svært nøgd med tomta og staden.

– Nær sentrum, med gode solforhold og ei utsikt som tar pusten frå deg! Eg trur vi kan få til eit veldig bra bustadprosjekt på Hauge, seier Kjetil Helland.

– Kva om de ikkje får til ei omregulering, har Bybo ein veg ut av avtalen?

– Nei. Vi har kjøpt eigedomen som den er, men vi har ein klar plan om kva vi ønskjer å få til.

Det kan likevel bli fleire år med drift av Bjørnefjorden Gjestetun, om seljar og kjøpar i felleskap finn ein ekstern drivar som frå 1. mars vil halda liv i hotellet mens arbeidet med omregulering pågår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.