Næringsliv | 24. apr. 2018

Vil bygga to nye butikkar

Ber om å få starta planarbeid for å etablara daglegvarebutikk på Moberg.

Vil bygga to nye butikkar
På denne tomta ved rundkøyringa på Moberg kan det koma ein ny daglegvarebutikk om ein får omregulera det frå LNF til næring (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 24. apr. 2018 08:53

I eit brev til Os kommune ber ABO Plan & Arkitektur om eit møte for oppstarta av reguleringsplan for Kuvågvegen 5 på Moberg. Området ligg vis a vis KIWI-butikken.

Mål med reguleringsplanen er å endra området frå LNF areal til næringsareal.

Planlagt utbygging er i følgje brevet til kommunen ein daglegvarebutikk med mogleg el-bil ladestasjon.

Teikna av Snøhetta

Av brevet kjem det fram at det er Rema 1000 som er oppdragsgjevar.

– Dei nye butikkane til Rema 1000 er designa av Snøhetta. Det fins fleire ulike storleikar og variantar av butikkane, skriv Unni Sjursen i brevet til kommunen.

Dei nye butikkane skal mellom anna ha forbetra ventilasjon og varmegjenvinning, energisparande lys, miljøvenleg kjøle- og fryseanlegg og eit tak kledd med Noxite som skal fjerna NOx-gassar i lufta. I tillegg blir taket klargjort for solcellepanel.

Då planområdet ligg i LNF-område vil planarbeidet utløysa krav om konsekvensutgreiing. Aktuelle tema for denne vil vera landbruk og trafikk.

Får varsle oppstart

I tillegg til butikken på Moberg har Frode Søviknes og Rema Eiendomsutvikling Vest AS fått løyve til å starta reguleringsplanen på ei tomt i Kolskogen vis av i Røde Kors-huset og Os vidaregåande skule.

– Det er ein sak som har gått i lang tid, då den har vore i strid med regionale planar. No har dei meldt oppstart på reguleringsplanen der dei forholder seg til den regionale planen. Difor blir det handsama frå administrasjonen. Dei har allereie fått brev om at dei kan varsla oppstart, fortalde kommunalsjef Aina Tjosås i Plan- og bygningsutvalet i førre veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.