Næringsliv | 29. nov. 2017

Vil driva framleige av restaurantlokalet

iSushi-eigaren har fleire år igjen av leigekontrakten.

Vil driva framleige av restaurantlokalet
iSushi Os stengte 1. november, knappe 19 månadar etter opning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. nov. 2017 09:00

iSushi Os, som opna som kjeden sitt nye flaggskip onsdag 6. april 2016, gjekk ikkje så bra som eigar hadde håpa på.

• Bildeserie: Sånn var opningsdagen

I september gjekk eigar ut og fortalte om planlagt stenging av restauranten, 1. november, etter knappe 19 månadar i drift, pakka dei saman og stengte av.

– Kanskje blei det for stort, kanskje dreiv vi ikkje godt nok. Eller ein kombinasjon av begge, seier gründer og kjedeeigar Roger Johannessen.

Andre stadar gjer han suksess med iSushi, i hovudsak med takeaway eller mindre restaurantar, men på Os gjekk det ikkje bra.

Vil leiga ut

Johannessen brukte over 3,5 millionar kroner på etableringa på Os.

– Vi kjem ikkje til Os for å skumma pengar, vi etablerer oss for å tilføra noko. Om eg berre tenkte business kunne eg klart meg med 100 kvadratmeter, her har vi 300, sa han etter å i 2015 ha teikna leigekontrakt.

Leigekontrakten er på fem år.

– Vi ønskjer naturlegvis at lokalet skal brukast, og eg har fleire interessentar, både lokale og folk utanfrå Os, små og større firma.

– Alt bør ligga til rette for at ny leigetakar kan driva godt, med nytt kjøkken, ny innreiing, ny uteservering og god plassering ved hamna.

Har ikkje hastverk

iSushi-gründaren reknar ikkje med å få alle dei tapte kronene tilbake, men seier det vil hjelpa om det kom inn ein leigetakar.

– Vi har likevel ikkje hastverk. Drifta gjekk med tap, så nett no ser tala mindre dårlegare ut per månad enn før.

– Derfor tar eg meg òg tid til å venta på eit tilbod som er godt nok, seier Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.