
Vil engasjera fleire
Plan- og bygningsutvalet (PBU) handsamar til veka oppstart av kommuneplan for idrett og fysisk aktivitet 2013-2020 og rullering av handlingsprogrammet i den eksisterande planen.
- I rulleringa av handlingsprogrammet er det ikkje dei store endringane. Osbadet og skateanlegget på Kuventræ har fått spelemidlar og går ut av liste. Dei andre rykkjer stort sett ein plass opp, fortel idrettskonsulent Tom Leonsen.
Forslaget til prioriteringslista for 2012 finn du her.
Lengre perspektiv
Planarbeidet kjem som ei følgje av den nye plan og bygningslova frå 2009 som krev at det skal utarbeidast planprogram for alle kommunedelplanar.
- Eg håpar vi kan byggje opp ein heilt ny lest og eit nytt fundament for korleis vi planlegg og prioriterar i høve til idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og andre tiltak for fysisk aktivitet, seier Leonsen.
- Vi må sjå ting meir i samanheng og bli samde om ein raud tråd kor alle er einige om neste store prosjekt.
- Difor ønskjer eg eit lengre perspektiv på planen enn berre fire år som det har vore tidlegare, forklarar Leonsen.
Lengre planprosess
Kommunen har allereie ein plan for idrett og friluftsliv gjeldande for 2008-2011. Kvart år rullerast handlingsplanen i denne med prioriteringslister på kva tiltak som skal stå høgst på lista over prosjekt kor ein har søkt tippemidlar.
- Dei nye krava i plan- og bygningslova gjer at vi må ta eit meir omfattande arbeid no, enn det som har vore vanleg ved tidlegare revideringar av planen.
I saksframlegget skisserar Leonsen ei planperiode frå PBU sitt møte og fram til slutthandsaming i kommunestyret i 1. tertial 2013.
Stor grad av medverknad
Om politikerane gjev si tilslutning til planprogrammet vil ei arbeidsgruppe med ein frå kulturavdelinga, planavdelinga, idrettsrådet, Os Turlag, Bergen og Omland friluftsråd og ein frå Lurane/rehab bli oppretta.
I tillegg vil ein danna ei styringsgruppe med fire politikerar, to idrettsrepresentantar, tre kommunalsjefar og kultursjefen.
- Vi ønskjer å invilvere dei frivillige laga meir og få fleire inn tidlegare.
- Difor legg vi opp til fleire høyringsrunder og eit folkemøte i samband med oppstarten, avsluttar Leonsen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no