Kultur | 06. jan. 2017

Vil erstatta seg sjølv

Er du ung og drøymer om eit liv bak scenen på større kulturarrangement kan 2017 bli eit godt år for deg.

Vil erstatta seg sjølv
Kjetil Osablod Grønvigh, Agnes Smørholm, Ole Tobias Lindeberg og Glenn Erik Haugland vil ha fleire ungdomar bak miksepulten og backstage (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 06. jan. 2017 08:45

I løpet av 2017 blir det UKM, U-Fest og Nattspill i Oseana. Felles for dei tre arrangementa er at dei alle rettar seg mot ungdom. Ikkje berre på scenen, men også bak og rundt arrangementet.

– Skal vi få vellukka arrangement for ungdommar, så nytter det ikkje at vi som berre er «og» i «ung og lovande» står for, og planlegg, arrangementet. Ungdommane må få sleppa mest mogleg til. Det er dei som veit kva ungdommar vil ha, og korleis nå dei, seier kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh, som saman med Agnes Smørholm og Erik Vangsnes frå Fusa står bak UKM i Os og Fusa.

Tre arrangement å boltra seg i

Saman med Ole Tobias Lindeberg frå Oseana og Glenn Erik Haugland frå Session Nattspill ønskjer dei å gje kulturinteressert ungdom nye arenaer å boltra seg på.

– Det er avgjerande at ungdommene får styra. Vi skal med våre erfaring og bakgrunn hjelpa dei til å få det profesjonelt utan at vi overstyrer dei, seier Haugland.

– Dei skal slippa å finna opp kruttet på nytt. I alle desse tre arrangementa skal dei få jobba i trygge og gode profesjonelle rammer. Vi skal nytta vår kunnskap til å hjelpa dei med å unngå dei største fallgruvene, supplerer Lindeberg.

Skaper seg ei karriere

UKM, som for femte året på rad, har ei eiga kategori for unge arrangørar opplever interessa som stor.

– Det er ikkje alle som har lyst til å stå på scenen og eksponera seg sjølv, men dei har lyst til å vera med og har eigenskapar som kulturen treng, anten det er på det tekniske, marknadsføring eller andre ting.

– Eg har sett fleire UKM-ungdom igjen på til dømes Bergensfest, kor dei er med bak scenen og har skapt seg eit levebrød av den erfaringa dei har hausta lokalt, fortel Osablod Grønvigh.

Håper på synergier

Dei tre arrangementa håper å kunne få synergier av kvarandre.

– Vi ser ikkje bort frå at fleire som først er med på UKM, får lyst til å bidra også på U-fest og Nattspill gjennom den erfaringa dei opparbeider seg, seier Osablod Grønvigh.

– U-Fest gjer vi saman med Kickstart Management. Det er to-delt, vi skal ha med nokre etablerte artistar som Kløver og Skarre R, Lisly og Raylee i tillegg til fleire lokale band på sjølve festivalen, men den største delen av prosjektet er å utvikla det. Kickstart har gjort dette fleire gonger før og har erfaring med å sleppe ungdommane til på alle delar av produksjonen, forklarar Lindeberg.

– Nattspel er eit heilt nytt musikkspel, kor ungdommane skal gjera alt. Rammene er Henrik Ibsen si historie om «Fru Inger til Østeraad», men innafor der skal undommane gjera alt frå å skriva og komponera, til å sy konstymer, snekre scenografi og alt det andre som høyrer til med å setta opp ein produksjon, også det som vi ikkje har tenkt på, men som ungdommane sjølv ser som en naturleg del av det heile, avsluttar Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.